Sykkeltur rundt Lustrafjorden

Sykkeltur rundt Lustrafjorden

Då eg generelt søker mot utlandet når ferien nærmar seg er det nesten så eg skammar meg når eg innser kor flott vi har det i Noreg, og det rett utanfor døra.  

Etter eit år i USA, eit halvår i Mexico og ei rekke reiser rundt om i store delar av verda, opna ein tur til Geiranger augo mine for Noreg. Eg var då guide for nokre amerikanske venner, og ein skulle tru at det var dei som var mest oppglødde av landskapet, men sannheita er at det var meg.  

Dette resulterte i ei enorm nyfikenheit for Noreg.  

Tidlegare i sommar var eg ein tur til Kalvåg. Det vart ein fulltreffar både for fiskelykka, vingleda og det å utforske nye område på to hjul. Du kan lese meir om turen her og få oppskrifta til Martin Fosse Sveian på «Steikt lyr frå Kalvåg med brokkolini og blåskjellsaus med dillolje».  

Seinare var eg heime i Sogn med atter ei amerikansk venninne. Det var tid for å finne på noko som kunne gi oss begge ei spektakulær oppleving. Mi type guiding i Noreg passar for den som vil vere aktiv medan ein får det beste området har å by på, og då helst med innslag av noko som er litt på kanten.  

Det heile byrja med ein solid frukost for å vere rusta for ein lengre tur på sykkel. Som alltid er eg vel optimistisk, og ein tur som i mitt hovud skulle vere 40 km viste seg å vere 78 km lang.  

Med eit smil om munnen og flotte matopplevingar langs vegen, var dette truleg den flottaste turen i sommar, trass byger med regn. 

Lustrafjorden kan by på mang ei gastronomisk oppleving for den som vil kombinere trening, mat og ypparleg vin i vakre omgivnader.  

Årets perfekte reklame for Noreg skulle byrje i Solvorn, vidare til Marifjøra, Lustrabui Bakeri, Skjolden Hotell og avslutte med ferje frå Urnes og tilbake til Solvorn.  

Solvorn er den vesle bygda som ligg noko skjult inne i Sognefjorden. Ned dei kronglete vegane  finn ein tradisjonelle og gamle hus, ja, det blir nesten litt herskapleg. Høgdepunktet for mange er nok det historiske Walaker Hotell.  

For andre er det idyllen med å kunne legge pengar i ein boks for ei korg med bringbær. Ærlegheita og det enkle kan ein finne der.   

Ikkje langt frå Solvorn finn ein Tørvis Hotell i Marifjøra. Ettersom mi amerikanske venninne er opprinneleg frå Nederland måtte vi stoppe der, då nettopp eit nederlandsk par no har starta produksjon av sjokolade. Vi snakkar her ikkje om den kommersielle og store melkesjokoladeplata, men små, gjennomtenkte og gode bitar. Konfekt!  

Få ting er som ekte konfekt. Medan vi speida ut på skodda som låg mystisk på fjorden smelta sjokoladen i munnen.  

Etter å ha sykla gjennom våte byger, solskinn og vind var gleda stor då vi såg Lustrabui Bakeri. Lustrabui er eit bakeri plassert i Luster og har vokse til dei siste åra. Med ein morfar som var bakar og dreiv Aarskog Bakeri på Leikanger, var eg heldig som fekk tilbringe tid i eit ekte bakeri OG få daglege smaksprøvar. Som minst i familien var det berre eit smil som skulle til før eg fekk det eg ville ha.  

Det er truleg difor eg elskar skikkeleg bakverk, og då spesielt kvit dame, morfar sin spesialitet. For å lage den optimale kvite dama er det klare kriterium for korleis ein skal gå fram. Ja, morfar du var ubeskriveleg god på smak og samansetningar. Difor er det desto meir moro å stoppe på eit bakeri der dei serverer skikkeleg bakverk. Her har dei ikkje tulla med innhaldet og laga bakverket slik det skal vere.  

Vi fekk i oss ein god dose av det dei tilbydde her, før vi fortsette turen.  

Neste stopp var Skjolden, og her finn ein Skjolden Hotell som ligg innerst i Lustrafjorden. Det betydde at halve sykkelturen vår var gjennomført. Motet var oppe og vi var klare for å sykle ei mindre trafikkert rute til Urnes for så å ta ferja over til Solvorn igjen.  

Min tidlegare sjef, Aslak Dalahaug, og kona Siri flytta frå Stavanger til Skjolden for eit par år sidan og er i dag eigarane av hotellet. Dei har gjort ein unik jobb med å endre og utvikle hotellet og dei sett potensialet til råvarene i området.  

Eit besøk her minnar lite om eit hotell, snarare om ein varm heim med ein perfekt lokalisasjon. Sjølv i tjukk tåke kan ein beundre naturen, endringane i veret og då sjølvsagt med eksepsjonell god oppvarting.  

Måltida og val av vin var imponerande. Det er ikkje rart at stadig fleire nordmenn oppdagar denne staden med to så dyktige personar som Siri og Aslak er, samt deira evne til å skape det beste av det beste.  

Sykkelturen gjekk vidare til Urnes frå Skjolden. Ein distanse som vart 30 km lengre enn kva eg hadde kalkulert med og med tre ytterst nye opplevingar med tunnellar utan lys. Utsagnet ”i enden av tunnelen er det alltid lys” fekk ei klart meir bokstavleg tyding.  

På kaien på Urnes kunne vi smile, synge og ete restane av godsakene vi hadde plukka med oss. Turen var gjennomført, dobbelt så lang som fyrst antatt, men også mangedobla finare. Dette kan verkeleg anbefalast!  

Ein tur vert knapt betre, med omgivnader som desse og moglegheit til å ete så mykje lokalt, ekte og godt. Attpåtil står fjella rake og majestetiske, klare til å bestigast. Det er berre viljen som kan begrense oppdaginga, og best av alt, det er meir enn nok belønning å hente i området med så gode matopplevingar etterpå.  

Til deg som ynskjer å oppleve Sogn på sykkelsetet og sjå meir er dette er det ein ypparleg måte å gjennomføre turen på. For min del blir nok neste tur frå hotell til hotell,  med overnatting, mat og god vin, før turen går vidare i området.  Og gjerne litt lengre.