Vinprodusent Vivanco i Rioja

Om du aldri har tenkt på eller drøymt om å besøke Rioja, kan du slutte å lese no!

Endeleg baud sjansen seg for meg. Berre to timars kjøretur frå kysten og San Sebastián finner du milevis med druerankar, og nokon av dei beste vinprodusentane i Spania. I Noreg har vi kjennskap til området Rioja frå dei mange produsentane vi finner på Vinmonopolet, resturanter og turar til det glade Spania

Vi var heldige då den spanske ønologen José ville dele dagen med oss. Kunnskapsrik med mange års erfaring både hjå vinprodusentar og no med sitt eige firma. Det var duka for nye opplevingar, og begeistranga var stor etter å ha besøkt verdas største vinmuseum!

141018-266-1024x459.jpg

José er utdanna ønolog frå Universitetet i Bordeaux, men det er inga sjølvfølgje at han valte denne retninga. Familien hans var ikkje spesielt interessert i vin. Det var i dei seinare åra at interessa for vin blomstra. Like etter vidaregåande var han usikker på kva for utdanning han skulle ta, derfor gjorde han som mange andre og jobba. Han jobba som servitør og innsåg veldig fort korleis mat og vin kunne skape magi. Fyrst deltok han på vinkurs i Spania før han forstod at dette var vegen han ville ta. San Sebastián ligg eit steinast unna Frankrike, og valet hamna derfor naturleg på ønologistudie i Bordeaux. I dag har José eige firma der han primært arbeider med å halde vinkurs, guide, og elles andre aktivitetar som er knytt mot vin. Vi fekk gleda av å dele ein dag med denne kunnskapsrike mannen.

Fyrste stopp var hjå hans tidlegare arbeidsgivar Vivanco, der José jobba i sju år. Eigendommen til Vivanco er stor, og ber preg av dyktige arkitektar. Alt er nøye gjennomtenkt. Rundt eigendommen kan vi sjå mange vinmarkar som har store klasar med hovudsakleg drua Temperanillo. Mellom alle vinrankane står det eit glasrom. Da vi bevega oss nærmare kunne vi sjå at det var vegen ned mot produksjons- og vinkjellaren. Rommet gav oss to alternativ, enten via trapper eller heis kunne vi bevege oss ned mot kjellaren. Kjellaren strakk seg heilt frå vinmarka og tilbake til huset – enormt.

141018-172-1024x680.jpg

I fire generasjonar har Vivanco skapt og utviklet dagens eigendom. Dei to sønene har teke over den daglige drifta. Til tross for å vere ein stor produsent, gjorde dei inntrykk. Større produsentar mistar ofte litt sjarm, og blir for kommersielle. Det er likevel inga tvil at storleiken, løysingane og kjellaren var fantastisk, men det som gjorde mest inntrykk var museumet deira. Truleg er dette verdas største vinmuseum. I mange år har familien samla på gjenstandar som vart nytta til produksjon, kjøpt inn kunst med meir som har skapt vinens historie hjå Vivanco. Over fem store rom har dei preservert gjenstandar, redskap og kunst i kombinasjon med ei masse informasjon om vin. Er du ein av dei som er nysgjerrig på vin og alt ein bør vite om vin, er dette plassen! Ein kan gjerne bruke fleire dagar på museumet. Vi fekk kunn to timar som i ettertid gir meg kjensla av å ha sprunge gjennom, men samtidig blitt berika. Samlinga var ubeskriveleg!

141018-299-1024x680.jpg

Då vi besøkte området var innhaustinga i gong så det var aktivitet i vinmarkane. Vi kunne sjå traktora med store tilhengar fylt av druerklasar. José kunne fortelje at dei hadde byrja innhaustinga helga før vi kom, men grunna regn hadde dei stoppa litt opp. Vi kunne gå rundt i vinmarka og fortsatt sjå dei store klasane som hang klare for innhaustinga. Hovudrua hjå Vivanco, er som hjå mange andre produsentar Temperanillo. Eit kjenneteikn ved drua er lange klasar og blad som alltid overlappar kvarandre ved stilken.

Vinåret i Rioja har bydd på variasjonar. Våren i Rioja var flott, etterfølgt av ein mindre god sommar, med fleire stormar, men heldigvis viste august seg frå ei betre side. Før kunne ein dårleg sesong reddast med druer frå andre vinområder, men no er det mykje strengar.

Kort fortalt om museet.

  • Rom 1 – Dei ulike druetypane, korleis året utvikla seg, maskiner som vart nytta, behandling, menneska, framgangsmetodar og meir. Flotte bilete og videoar gir alle ei svært god innføring i korleis det heile går for seg.
  • Rom 2 – God innføring i vinproduksjonen tok fyrste rom for seg, og naturleg glir tema frå rom nummer ein over i neste, som tar for seg det industrielle utstyret. Korleis vil eikefat, lagring påverke vinen? Mangfaldet av flasker og deira utvikling. I dag kjenner vi til flasker som eit kjenneteikn frå fleire områder. I Provence har dei ei rundare og flott form, sjå f.eks: Domaines Ott, men grunna kostnad er det få som nyttar desse flaskene. Korleis blir korkane til? Videoar viser framgangsmåten og illustrerer utviklinga til i dag.
  • Rom 3 – Draumen for alle vinelskarar er turleg vinproduksjonen. Dei går innom pressing, klaring, filtrering og alt det andre som skal til for å lage ein god vin.
  • Rom 4 – Vinens kunst. Her vil du sjå forskjellige maleri, skulpturar og symbol som er utrykt i vinens samanheng, det er overraskande mange.
  • Rom 5 – Du har gjerne din favoritt vinopnar, om ikkje kan det neste rommet by på ca. 3 000 forskjellige variantar. Mange fasinerande og spesielle gjenstandar å finne.
141018-318-1024x680.jpg

Smaksnotat:

Crianza Vel utvalte druer frå Briones i Rioja Alta som gjennomsnittleg er 15-20 år gamle. Vinen er laga på 100% Temperanillo. Fargen går mot kirsebær og nasen er aromatisk raude bær og hint av eik. Tanninane er behageleg og byr på sylta jordbær, eik, krydder mot hint av anis.

Reserva 2008 Druer frå Briones i Rioja Alta som gjennomsnittleg er 35 år, frå hovudsakleg kalkholdig leirjord. Vinene er laga på 80% Tempranillo og 20% Graciano. Tydeleg tonar av eik og krydder, animalsk på nase. I munnen kjem tanninane tydelegare fram, der krydder, lær og raude bær utfyller smaken.

Vivanco er har etter mi meining lykkast. Besøket var spektakulært, unikt og kan by på ein eller fleire dagar med aktivitet. Museet var over all forventning, det er absolutt verdt eit besøk.