Viva la españa

Kva forhold har du til Spania? I min oppvekst ferierte vi mest i Spania, anten på ein av dei klassiske Kanariøyane eller inne på fastlandet.

Sistnemnde kom til å bli ein familiehit, og då helst på den konstruerte halvøya, La Manga, som ligg sør for Alicante.

For min del var Spania eksotisk fordi det var annleis enn Noreg. Ikkje berre var temperaturen betre med nesten konstant sola ispedd litt palmesus, men også maten, drikka og menneska var annleis. Det fascinerte meg!

Dei siste ti åra har eg stort sett reist på eigahand rundtom både i Noreg og verda generelt, og budd eitt år her og eitt halvår der. Mine barndomsminner frå Spania står framleis sterkt, men samanlikna med andre stader eg seinare har opplevd vert den spanske familieferien for kjedeleg, steril og trygg. Det er ikkje lenger der eg ynskjer å feriere og bruke fritida mi.

For meg har Spania blitt kommersielt med store bygningar og ein haug med turistar frå den nordlege delen av Europa. Ferierte vi kanskje på feil stad?

Tilfeldigheita er vår gode ven, og det er tilfeldigheiter som fekk augo mine opp for Spania igjen, men denne gongen på eit meir ekte, ærleg og sårbart plan.

Turen gjekk til San Sebastian med ein snartur innom Rioja. Sjølv om den vetle kystbyen hadde besøk av turistar, var majoriteten fortsatt lokale.

Bygningane var gamle og litt slitne, som dei ofte er. Klesvasken hang mellom bygningane. På dei mange pubane sat menn og kvinner med ein liten matbit og eit glas med anten øl eller vin. Det var ikkje mengda som gjaldt, men kosen.

1724877146_ec784e5ee2_z.jpg

Stemninga var avslappa og ekte. Her var det ei spesiell ro.

Hausten som var fekk eg igjen føre meg at ein tur åleine var naudsynt og eg hamna på at det var nettopp Spania eg skulle besøke. Difor flaug eg ned til hovudstaden, Madrid. Ein by som lenge har vekka mi nysgjerrigheit.

Madrid imponerte meg mest med sine mange ulike og unike bydelar, på godt og vondt, tilgjengelegheita på enkel og god spansk mat, og ikkje minst kultur. I timesvis gjekk eg gatelangs for å utforske byen, smake på lokal mat og snakke med dei lokale.

Vidare gjekk turen til Barcelona, kystbyen alle snakkar om. Atter ei perle som imponerte meg, men også med lett tilgjengelegheit til vingardar, natur og små byar rundt.

Poenget er vel at stader bygd opp rundt turisme åleine sjeldan klarar å visa fram alt det ekte landet faktisk har å by på. Å utforske litt utanfor den normale malen er hemmelegheita, og sjølv om det kanskje kan by på språkvanskar gir det oftast dei beste minna og opplevingane ein lengtar etter.

Litt det same gjeld for spansk vin også. Alle kjenner til Rioja, Cava og vin laga på drua albarino. Forstå meg rett, desse er alle gode, men dei får fram ikkje Spania sitt potensiale. Her det så mange, mange fantastiske vinar å finne!

I den siste tida har eg smakt meir spansk vin enn nokon sinne, og det frå heile Spania. Kvaliteten, variasjonen og potensialet er enormt. Døm difor ikkje etter det synlege og vanlege, men sjå litt mellom hyllene og søk etter noko nytt.

Salaten til Åse Kongsvik sat eg saman med fire forskjellige spanske vinar; ein rosé- og tre kvitvinar. Kombinasjonen mellom maten og vinen var skikkeleg råbra. Prøv gjerne denne salaten til ein ny spansk vin, anten om den er av den rosa eller kvite sorten.

Eg skal denne månaden halde hovudfokuset på Spania. Du vil difor få ein smakebit på gode oppskrifter, spansk mat, vin og sjølvsagt litt ny kunnskap om dette undervurderte vinlandet.

På fredag kan du lese om mi beste matoppleving i Rioja.