Vinvalet på restaurant

Vinvalet på restaurant

“Vi mennesker er rare. Betaler gjerne mangfoldige tusen for en fin langweekend, men vinen på restauranten skal ikke koste noe.......”

Å velje vin frå vinlista kan vere overveldande for mange. Kva ser ein etter? Husets vin er som regel eit trygt val, men er det det beste?

Med ei norsk lommebok kan ein gjerne trekke mot det dyre for å sikre seg ”kvalitet”, framfor å tenke over kva mat vinen skal kombinerast med.

Men, er ein dyrare vin alltid betre enn ein rimelegare? Speler det noko rolle kvar vinen kjem ifrå og kor kjent området er?

Ein enkel affære? Slett ikkje.

Nyleg fekk eg ein lengre mail av ein tidlegare kollega. Ein livssnytar som veit å sette pris på mat og vin, og som elskar å oppleve nye stader.

Denne gongen hadde han besøkt London, byen som har det meste og som heller ikkje skuffar på matfronten. Og når ein er på tur vil ein gjerne ete på restaurant og unne seg noko ekstra, gjerne med eit glas vin.

Med vinlista framfor seg har ein eit hav av vinar å velje mellom, så kvar skal ein starte?

Servitøren er ofte den ein søker til når ein er usikker, men kan ein alltid stole på ein servitør?

Eg kunne ikkje svare kort når eg skulle rettleie han på denne fronten. Det er fleire tankar å gjere seg. Om du har fått med deg mitt ”Hurtigkurs om vin” snakkar eg der litt om kunsten å kombinere mat og vin.

Videoen kan vere ein fin introduksjon til deg som er nysgjerrig, og i nettkurset ”Det DU treng å vite om VIN” kjem eg til å utdjupe temaet ytterlegare. Her har eg lagt vekt på korleis ein går fram med eit vinkart, nokre kjekke reglar å følgje, og ikkje minst kva for matrettar som matchar med ulike vinstilar.

La oss bli klokare ilag, og la vinopplevinga på tur ikkje nødvendigvis berre bli ein dyr affære, men smaksrik og vellykka.