Vintage eller non-vintage Champagne?

Andakt med: Boizel Millesime Blanc de blancs Brut 1995.

”Det kostar å vere kar.”

Sitatet er innhaldsrikt og sant, men er dyrt alltid betre? Ein tur forbi i godteributikken (Vinmonopolet) fekk eg lyst på Champagne og gjerne med litt alder. Medan eg snoka rundt kom eg over Boizel Millesime Blanc de blancs Brut frå 1995. Det skulle vise seg å vere magi på ei flaske.

Om du er nyfiken og vil bruke pengar på god Champagne kan du bli fanga for alltid. Boblene, i ulik storleik, er som fyrverkeri i munnen, den eigenarta smaken og unike stilen er det lite som kan måle seg med. Sjølv nyttar eg sjansen kvar gong den byr seg, og ingenting er så godt.

Champagneområdet finner du vel 145 km nordaust for Paris. Vinstilen vert framstilt av ein eller tre druetypar, altså den kvite Chardonnay eller dei raude Pinot Noir og Pinot Meunier. Terroir er fyrst og fremst framstilt på kalkrikt jordsmonn, men inkluderer også ustabilt klima. Målet er å oppnå den perfekte balansen mellom sødme, syrligheit og fylde, noko som gjer at kvar vår og haust er eit evig kappløp med frosten.

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens

Champagne vart til via ein feil. Det heile byrja med ein vin som baud på for høg syrlegheit. Redninga skulle vere å gjære vinen i tønner over lengre tid, men den kalde vinteren fortsatte å forstyrre prosessen. Ettersom fermenteringa er ein levande biologisk prosess vil gjæren stoppe opp dersom forholda vert for kalde. Fyrst då forholda vert varmare vil gjæren ”vakne” – noko som skjedde i dette tilfellet. Då desse vinane vart tappa, innehaldt vinen ein del ubrukt sukker som skulle ha blitt konsumert av vinen i tønna. Det resulterte i at den sovande gjæren frå ufullstendig fatgjæring også gjekk inn i flaska med sukker. Medan sesongen endra seg, steig temperaturen, og gjæringa starta att. No var vinen forsegla med kork, som i motsetning til eit trefat, ikkje tillot karbondioksid å unnsleppe. Gassen vart verande i flaska på grunn av press, og er i dag omtalt som sekundærgjæring. Sekundærgjæringa er det som gir musserandevin massevis av bobler. Les meir her.

Korleis kjem vintage og non-vintage inn i bilete? Fyrstnemnde kjem frå druer frå ein god årgang, mens sistnemnde er blanda av forskjellige avlingar/år. Til beste evne vil ein bonde prøve å produsere ein samanhengande stil gjennom blanding av ulike årganger, altså non-vintage Champagne. I eit betre år vil ein bonde produsere ein Champagne 100% frå året som er angitt på etiketten. For å sette det i perspektiv; Årgangs-Champagne vert normalt produsert tre eller fire gonger i tiåret. Vintage representera altså 5% av den totale Champagne-produksjonen. Medan ein non-vintage Champagne modnast over 1,5 år vil ein vintage stå minst i tre år, men som regel lengre.

”Jo eldre, desto betre”. La deg ikkje lure. Nokre vinar vil dra nytte av lagring, nokre lengre enn andre. Majoriteten lever ikkje til evig tid, og står ein vin for lenge kan den til slutt smake eddik. Ver oppmerksam på kva du kjøpe, og hugs at dei som arbeider med marknadsføringa ønskjer meirsal av varene sine, og derfor nyttar dei lokkemiddele som dei har. Kjøp derfor med oppmerksamheit.

Men, nokre kan skinne meir enn andre. Set ein pris på eigenarten, stilen og den fullverdige vinen, vil eg så absolutt anbefale Champagne med nokre år på baken, i dette tilfellet snakkar vi om 21 år! Ettersom området hadde hatt fire vanskelege år, der vintage 1990 var den siste, vart 1995 godt motteke. Dei to årgangane etter, 1996 og 1997, dempa oppmerksamheita til 1995, men spesielt ved etterpåklokskap kan ein verkeleg sjå at årgangen var strålande. I dag er dei tre årgangane som ein trio. Vintage 1995 er svært balansert og består av samansatte aroma - Som heilagdommen i Boizel Millesime Blanc de blancs Brut 1995 som er ein av dei. Med stor entusiasme vart flaska opna sju og utover måltidet og kvelden var den jamleg kommentert. Utviklinga av aroma, stil og konsentrasjon var ei rein hyggestund. Nasen er klar med krydder og autolyse der nokre modne eple er å finne. Syra er frisk, moden frukt og med lang utgang. Om flaska berre kunne vare. For ja, i dette tilfellet var vinen vert kvar krone og så mykje meir!