Vin i kjellaren eller vinkjellar?

Det er ei myte som seier at all vin blir betre med tida.

Kanskje dette kjem som sjokk, men det er feil! Vin inneheld organisk syre, sukkerstoffer, fenolar og polyfenolar, rettare sagt, mange typar komponentar. Kvaliteten av vin atterspegle komponentane. Faktorane av komponentane tilsvara lagringspotensialet til vinen. Og hugs, dei fleste vinane i dag vert laga til konsumbruk – dei skal drikkast no!

Lagring og oppbevaring

På heimesida til vinmonopolet har dei ei enkel og grei definisjon for lagring og oppbevaring av vin; ”Lagring skal forbetre vinens kvalitet gjennom modning. Oppbevaring har som mål å bevare vinens kvalitet mellom innkjøp og konsum”.

Dei fleste vinane vert laga for konsumbruk. Betydinga for konsumbruk er rett og slett at den er klar for bruk. Vinen skal smakast og nytast innan nærmaste framtid! Ved oppbevaringa er det sjølvsagt viktig å plassere vinen i rette forhold fram til den skal brukast. Om ein mot formoding kjem til å lagre vinen lengre enn planlagt blir den mest truleg ikkje betre, men som oftast heller ikkje dårlegare enn kva utgangspunktet var. Generelt sett er nokre ting betre ferskt!

Kva legg ein i ”rette” forhold?

Det er inga reglar for oppbevaring av vin, strengt tatt kan vinen liggje kor som helst. Om ein ønskjer å TA VARE på eller forbetre vinens kvalitet gjennom modning skal eg gi deg fem gode råd for oppbevaring av vin.

5 gode råd om lagring av vin

1. Mørke omgivelsar gir det beste grunnlaget, vinen skal beskyttast for ultrafiolett lys. Om ein utsett vinen for høg temperatur og lys kan det påfører rask utvikling, i tillegg vil det medføre store skadar på vinen. Over ein lengre periode ved desse forholda vil det inntreffe såkalla madeirisering. Madeirisering vil sei eit uønska oksidasjonsprosess som kan oppstå i kvitvin og rosévin. Resultatet vil vere at vinen missar sin opprinnelege friskheit og får ein mørkare, og mot ein gyllenbrun farge og oksidasjon i bismaken.

2. Vibrasjon er uheldig og bør unngå så langt det er mogleg. Problemet ved viberasjon er at vinens utsettast for biokjemiske utviklingsprosess.

3. Temperaturen må vere sval og halde ei jamn temperatur. Det er fult mogleg å lagre vin i omgivelsar der det er jamne svingingar mellom 7-18 grader, men det er utan tvil mest ideelt mellom 10-13 grader. Faren ved lagring vin ved for høg temperatur er at den modnast raskare. Det kan resultere i dårleg vin.

4. Naturkork er ikkje nødvendigvis eit bevis på kvalitet, men ein lukkemekanisme som har blitt brukt i mange hundre år. Ein naturkork som tørkar ut kan sleppe inn luft som kan skade vinen. Resultatet vil vere at bakteriar omdannar vinen til eddiksyre. Aroma som kan minne om neglelakkfjernar. Det seier vel seg sjølv at det er inga god erfaring. Derfor skal ein lagre vinar med naturkork liggjande. Dei flaskene som har skrukork har ein valet om å lagrast ståande i tillegg til Champagne. Madeira er ein litt annan sak, den MÅ stå oppreist ved lagring.

5. Luftfuktigheita ligg ideelt mellom 60-70 prosent. Ein kjellar i eit eldre hus vil vere eit godt døme.

196594560_f1aeae8437_o
196594560_f1aeae8437_o

Ideell lagringsplass

Interiørmagasin har flotte bilete av blant anna kjøkken. Mange skap, lure løysingar, men med vinhyller der dei ikkje burde vere. Hyllene er gjerne plassert i høgda, ved ei vifte i kombinasjon med å vere i det rommet i huset som har dei største temperatursvingane på ein jamn basis. Sjølv om oppbevaring og lagring av vin kan vere dekorativt, motstå freistinga. Det er sååå mange betre løysingar!

For å samle på vin treng ein ikkje ein vinkjellar, som sagt er det andre alternativ ein kan gå etter. I dag har vinkjøleskap utvikla seg mykje og kjem i ulike størrelsar med ulike kvalitetar. Her er det viktig å spørje og grave i forretningar der ein kan kjøpe vinskap.

Eg bruker gjerne soverommet til lagring av vin. Rommet er kaldt med ein jamn temperaturen og det er minimalt med lys der eg har plassert flaskene mine. I tillegg kan dei ligge i hyllene som er laga til i klesskapet. Om du skal bruke plassen godt kan ein stable flaskene i høgda om ein dekkjer flaskene med plastfolie, for eksempel Gladpack. Det gir flaskene ei betre stabilitet og minskar faren for at dei havnar i fanget ditt i det du tek ut ei flaske.

Eldre hus er ofte utstyrt med ein kjellar, noko som dei færraste nybygg er i dag. Desse kjellarane kan gjerne halde ein stabil temperatur, minimalt med lys, stabile omgivnaden og ikkje minst er den fuktig. Generelt sett, dei rette forholda for lagring av mat og spesielt vin!

Kreativitet er hemmelegheita i det ein skal byggje ein vinkjellar eller lagerrom til vin. Det er inga fasit for kva som er rett eller galt. Ei vanleg hylle kan gjere susen der du har moglegheita i å stable i høgda eller plassere fleire hyller enn det som var utgangspunktet.

Om ein byr seg ut på gleda av å ha ein vinkjellar i heimen må ein passe på å ha system. Rommet kan fort innehalde mange flasker og det er surt om ei flaske overstiger den ideelle tida si. Eg likar godt regneark, som Microsoft Excel. Programmet har den unike eigenskapen i å dele inn matriser slik at du kan systematisere samlinga etter ønske. I tillegg er det viktig å følgje med på utviklinga i vinens verden. Vi er heldig som har mange som smakar enormt masse vin til dagen. Desse personane er ofte flinke til å vidareformidle kunnskap og erfaring. Dei kan formidle korleis dei ulike vinane utviklar seg og vidareformidle utsiktene.

500129114_8abbd24277_o
500129114_8abbd24277_o

Kva er poenget med lagring?

Hovudgrunnen i å lagre vin er å utvikle aromabiletet. Modningslagring som betyr at garvestoff blir blautare. Det er først og fremst raudvin som er best egna for lagring, men kvitvin egnar seg òg. Ein vil jo ha ein vin som er både frisk og fruktig. Om ein legg vilkåra for lagring til rette kan ein nyte vinen etter ei tid i kjellaren.

Om du likar å samle og ser gleda i å vente til flaska har nådd sitt høgdepunkt kan eg på det sterkaste anbefale deg å prøva! Spenninga er å ta og føle på, og gleda er enda større i det tida er inne. Sjølv om dei beste dråpane er kjekke å ha er det lurt å sjå eit større bilde ved vinsamling. Det er alltid kjekt å ha ei flaske vin på lager om ein får besøk. Då er det surt å servere dråpar som burde vente. Ha derfor vinar i fleire prisklassar og til ulike formål. Det er kjekt å ha litt musserande, kvite-, rosé- (spesielt til sommaren i Noreg), raud- og dessertvin. Ha gjerne litt ekstra av det du bruker mest av.

Oppbevaring av vinflasker er derfor ikkje eit problem. Bruk plassen som du allereie har og tenk kreativt. Det er i alle fall lov til å halde på draumen om ein vinkjellar, og at innhaldet skal vere der etter!

Les meir om bygging av vinkjellar i Hus & Bolig nr. 4-2014 her.