Vin for Ola Nordmann

Er det gitt at ein likar alle typar vin? Nei, og gjer det noko? Nei.  

Eg brukar mykje av tida mi på å snakke om vin. Det kan vere nokon som vil fortelje om kva for vin dei likar, kva for vin dei ikkje likar, beskrive ei oppleving eller at dei har spørsmål.

For å betre forstå korleis menneske opplever vin stiller eg spørsmål tilbake. Det er ikkje alle som er like komfortable med å svara og vert stressa i frykt for å dumme seg ut. Det er det ingen grunn til, då eg heller ikkje har kunnskap om deira fagfelt, og for å lære om kvarandre sitt spesialfelt må ein jo stille spørsmål og grave.

Ettersom eg drikk over gjennomsnittet mykje vin, enten på smaking eller på middag med vinvenner, har toleransen auka og nysgjerrigheita like eins. I korte trekk betyr det at enkle vinar ikkje gir like stor glede og eg drikk gjerne sjeldnare desse typane vin då eg ikkje finn dei like interessante

At desse vinane ikkje vekker like stor interesse hjå meg betyr ikkje at vinen er dårleg, eg føretrekker heller noko anna.

Seinast til jul måtte eg ta meg i nakken. Eg bestilte vin som vart plukka opp i anledning julefeiringa i Bærum. Familiemedlemmane mine er ikkje avanserte når det kjem til vin, med åra har interessa auka, men vinen skal slett ikkje vere for avansert for dei.

Eg hadde bestilt nokre vinar som var enkle, andre meir klassiske, i tillegg til eit par naturvinar. I etterpåklokskapens lys ser eg nok at truleg resulterte nysgjerrigheita mi i at eg bestilte vin meir for meg sjøl, enn for gjestene mine.

Spesielt naturvinen kom svært dårleg ut, då dei samstemt forkasta den. Eg var vonbroten. Med det same vart eg irritert og prøvde å forklara vinen, men eg nådde ikkje fram. Vinen fall rett og slett ikkje i smak, sjølv om eg meinte den burde stå perfekt til andemiddagen eg hadde førebudd.

Sanninga er at eg ikkje kan klandre dei. Ingen av dei har smakt ein brøkdel av det eg har smakt og derav ikkje gjort seg opp ei forståing av alt det gode vinens verden har å by på. Det at dei ikkje likar den type vin er heller ikkje galt, det handlar enkelt og greitt om preferansar.

Dette med preferansar har fleire diskutert med meg. Ved at dei ikkje har same preferansen, som ofte vinfolk har, føler dei seg teit når dei vil ha ein saftig vin og ikkje det vineksperten vil servere.

Ingrid Tennfjord sa det så godt på nyheitssendinga på TV2 nyheitskanalen, når ho skildra Falling Feather som saftig, enkel og lett å like med få vanskar for munnen. Det er ikkje rart at majoriteten føretrekk denne vinen då dei drikk vin éin gong i veka, men det er heller ikkje feil å utfordre smaksløkane og prøve noko nytt iblandt.

Vi har uendeleg mange vinar å velje mellom i Noreg, og det er heilt innanfor å kjøpe Falling Feather, men livet er fort kort til å bli verande for alltid i denne kategorien.

Prøv difor noko nytt, og spør gjerne betjeninga på polet. Der har dei eit stort utval. Om du i tillegg kan fortelje dei kva du likar eller kva du har drukke før, kan dei rettleie deg inn på noko som er likt.

I desse dagar har portugisisk vin komme meir på bana. Vinane derifrå har ofte ein gunstig pris, god frukt og mykje smak. Det høyrast vel ikkje så heilt feil ut?

Eg vil anbefale desse to portugisiske som kom på nyheitssleppet i januar:

  • Tranvia 28 er ein saftig, ung vin med masse bær, urte og god lengde.
  • Terra d`Alter ALF Alfrocheiro 2015 har masse frukt av mørke bær, litt urt og fat, saftig og svært bra.

Kos deg med det kjende, og utfordre deg med det ukjende ein gong i blant. God måndag!