Vignerons du Pallet

Vignerons du Pallet

Vinprodusenten Vignerons du Pallet held til vest i Loirdalen, nærmare bestemt Muscadet.

Eg har smakt Jubilation le Pallet Muscadet Sèvre et Maine 2009 som er laga på 100 % Melon de Bourgogne. Ein svært flott vin til ein generøs pris.

Vignerons du Pallet er ei gruppe vinprodusentar på 10 personar. Dei er lokalisert i le Pallet der dei produsera nokre Muscadet Sèvre et Maine og nokre cru med namnet Le Pallet. Bakgrunnen for gruppa starta i 2008 for å stå mot dei store negociant som kjøpte mange av vinmarkane i området for å drive med eksport i stort kvantum. Filosofien til dei 10 produsentane vart derfor; “Plus fort ensemble que le plus fort de l’ensemble” som tyder ”sterkare enn ei gruppe, enn den sterkaste individuelle”.

Dei arbeider med Terra Vitis som tek vare på vinmarka og prøver å ha den beste kvaliteten på druene. Innan dei 10 vinprodusentane har alle sin del som dei star ansvarleg for. Fire personar driv vinmarka i Le Pallet, tre driv med vinifikasjonen og dei andre arbeider med marknadsføringssida. Når tida er inne for innhausting går alle saman i arbeidet.

Le Pallet er lokalisert til høgre for Sèvre. Denne cru karakteriserast med eit varmt terroir. Jordsmonnet er ikkje djupt, men veldig steinete. Jorda består av gneis og gabbro. Underjordsmonnet er brekt opp noko som hjelp røtene å vokse langt ned. Cruen frå dette området på lagrast oppimot 17 månader.

Druetypen Melon de Bourgogne gir generelt lette, friske, lett syrlege og ukompliserte vinar med aroma av grøne eple. Nokre av dei beste Muscadeter er tappa sur lie som betyr at vinen vert liggande over vinteren på sitt gjæringsbotnfall som gir ei meir ei større fylde og kompleks aroma. Hjå denne produsenten kan vi sjå at dei har tradisjonell vinifikasjon med temperaturkontrollert gjæring. I etterkant har vinen vore på sitt eige botnfall i 26 månader før tapping, dette bidreg til ekstra fedme i vinen. Dei overgår minimumslagrings tida noko som gjenspeglar vinen.

Jubilation le Pallet Muscadet Sèvre et Maine 2009

Smaksnotat Farge: Gul Nase: Unge tonar, med flotte mineralske tonar og eple. Smak: Opninga byr den på frukt og mineralitet, flott syre og ei god fedme som utfyller vinen. Ein kan gjerne drikke vinen aleine eller ha den til sjømat.

Informasjon Varenr. 361901 Pris: 139,90 Drue: Melon de Bourgogne 100% Alkohol 12,00% Sukker: 0,60 g/l Syre: 5,90 g/l