Varm eplemost

Ein dag strålar sola, neste dag snør det. Det er slutten av mars i Bergen og ein skulle så gjerne ynskje at våren og sommaren var rett rundt hjørnet.  

Medan ein ventar passar det bra å drikke noko godt under eit pledd i sofakroken. Eit glas vin er så absolutt fristande, men med tanke på kropp og sjel kan det også vere greitt å ha andre alternativ på lur.

Ein tyr då gjerne til varme drikkar som gløgg, kakao, te, og for å ikkje å gløyme kaffi. Men det finnast vel også andre ting ein kan kose seg med?

Med ein dunk med eplemost i kjøleskapet har du alltid kort veg til å lage deg ein skikkeleg smakfull drikk. Varm eplemosten, og dersom du er vågal strør du i litt krydder. Min favoritt er kanel, gjerne med honning og sitron dersom ein ynskjer meir smak.

Eple byr på eit saftig og godt fruktkjøt, og er i tillegg proppfulle av vitaminer og næringsstoff. Det er vel ikkje utan grunn at ein seier ”an apple a day keeps the doctor away.

Finn passe mengde eplemost, varm den og smak til med kanel. Du kan sjølvsagt bruke andre kryddertypar om du ynskjer, sitron og/eller honning.

Nyt noko godt under pleddet heime medan du ventar på betre forhold ute.