Under ei veke til nettkurs!

Under ei veke til nettkurs!

Som tjueåring flytta eg til Stavanger med eit ynskje om å få å sjå korleis ein topprestaurant i Noreg dreiv.

Med anbefaling frå sjefen min i Bergen, fekk eg ei prøveperiode i Stavnager om eg svarte til forventingane. Det å vere smilande, servicebevisst og effektiv var tydeleg printa inn frå barndommen.

Sjølv med erfaring frå ulike restaurantar i både Sogn og Bergen, var Stavanger likevel noko anna. Der sat mine dåverande kollegaer på ein enorm kunnskap. Frå tidleg morgon til seint på kveld jobba dei med å finne dei beste kombinasjonane, for å legge til rette for at gjestene våre skulle få den aller beste smaksopplevinga.

Lite visste eg om vin, mat, optimale kombinasjonar mellom mat og vin eller kva heile etiketten på vinflaska kunne fortelle. Å servere kundar med store forventingar kan ein gjerne påstå er krevjande, men også utruleg moro. Ein står sjølv ansvarleg for å henge med i svingane og gi dei den mest optimale opplevinga.

Etter ei stund lærer ein seg rutinene med service, og det er då ein vil lære meir og meir og meir. Korleis heng alt saman? Kvifor er nokre smaksopplevingar betre enn andre? Då sendte eg like så godt ein søknad til Kulinarisk Akademi i Oslo for å ta sommerlierutdanninga, også kalla vinkelnarstudie. Eg vart anbefalt å vente, men eg innsåg at ein også kan ta rennefart og hoppe i det.

Med få knaggar og rimeleg fersk i gamet, plasserte eg meg på fyrste rad. Eg skulle ikkje gå glipp av noko (og lære meg alt dei dyktige føreleserande kom med). Vi var så heldige å ha dei beste av dei beste som føreleserar, og eg hadde tenkt å få med meg absolutt alt dei kom med.

Eg pugga, smakte, pugga litt meir, smakte, smakte meir og las. Seks månadar seinare ringde eg til Akademiet frå Sogn. Bestod eg eksamen eller ikkje? Det var tross alt to eksamenar; ei blindsmaking og ein teorisk.

Overlykkeleg var eg når dei kunne bekrefte at eg hadde bestått begge, og no kunne kalle meg sommelier.

Etter fullført vinstudium innsåg eg kor enormt mykje meir ein kan lære om vin, og eg oppretta difor bloggen, Druefin. Endeleg kunne eg vie all mi tid til å formidle, undersøke og gi ein smakebit av det eg var så fascinert av.

Under ei veke startar mitt fyrste grunnleggjande vinkurs på nett. Kurset er nøye gjennomtenkt, effektivt og underhaldande laga. Det passar for deg som ynskjer å lære meir om vin på ein enkel, kreativ og kjekk måte.

Gjennom fire veker skal eg ta for meg tema for tema. Med korte videoar, gode menyar og tilleggsinformasjon skal du lære meir om vin og eg skal vekke di interesse, du vil innsjå kor moro det er.

Du kan få ein smakebit av kurset ved å sjå på desse 3 gratisvideoane eller sende meg ein mail om du har spørsmål til anniken@druefin.no - eg gler meg enormt masse!