Ueika chardonnay

Ei rekke ulike vinar, frå over heile verda, er laga på drua chardonnay.

Både i område med kjøleg klima, der det er vanskeleg å framstille vin, men også i varmare strøk. Variasjonen mellom dei ulike vinane vil difor vera stor - noko som gjer chardonnayvinane ekstra spanande.

Chardonnay er drua som er lite aromatisk, men som lett tek smak av kvar den veks og korleis den vert framstilt og lagra.

Denne vinen er laga på 100% chardonnay der den er produsert på Tupungato 1200 meter over havet. Innhaustinga, som vert gjort manuelt, skjer frå den tredje veka i februar fram til midten av mars.

Av mat kan den gjerne kombinerast med sjømat og fisk, eller du kan ha den som aperitiff før måltidet.

Hell vinen i glaset. Ideell temperatur er 14 grader, så denne kvitvinen er optimal å nyte på terrassen. Sjå på vinen i glaset, kan du sjå den flotte stråkule fargen? Snu vidare på glaset og lukt. Vinen er rein, med eit lett krydderpreg, eple og sitrus. Smak. Her fyller vinen heile munnen med eple, sitrus, mais og melon.

Camelon Chardonnay (varenr. 7358801), 99,90 kr.