Anniken England

Pét Nat: I wish I was a ninja

Anniken England
Pét Nat: I wish I was a ninja

For ei veke det har vore!

Gründer-livet er svart på berg og dalbane. Ei bana som ristar litt ekstra, gledar meir enn ein anar og som ein ikkje kan gå av før det er helg.

Av og til føles det som eit kappløp frå mandag til fredag, men som eg ikkje vil skal ta slutt.

Om ein kunne få fleire timar i døgnet er eg den fyrste som hadde takka ja, einig? Heldigvis har vi 24-timar å forholde oss til. Det har fått med til å bli langt meir selektiv med kva eg skal prioritere og ikkje. Det betyr begrensingar, sjølv kor myke meir eg ynskjer å gjere.

I dag er det fredag - no kan vi endeleg legge “ninja-faktene” på lading.

Den perfekte fredagen:

  1. Få unnagjort dei siste punkta på lista

  2. Kjøpe med noko kjekt frå Vinmonopolet

  3. Lage noko digg - kva med meksikansk taco?

  4. Fylle huset med venner.

Kva er den perfekte fredagen for deg?

Under finner du mitt beste fredagstips. Det er Pét-nat frå Sør-Afrika med flotte bobler, frukt og flotte aroma. Nyt den gjerne aleine eller til taco - få med deg oppskrifta mi her :)

Testalonga El Bandito I wish I was a ninja.jpg

Dagens anbefaling:

Testalonga El Bandito I wish I was a ninja

Lys gul på fargen. Aroma av sitrus og eple på nasen. I munn er den frisk med fin kropp og frisk i avslutninga.

Drue: 100% Colombard

Pris: 249,90 kr

Poeng: 87 I Karakter: 5

Om produsenten og området:

Det heile starta som eit garasje-prosjekt, Testalonga, for vinmakaren Craig Hawkins. Utviklinga hans skjedde fort som kanskje skuldast erfaringa hans frå andre vineri.

I Swartland har han både jordsmonn og klima som er ideell for vinproduksjonen. Han og kona står bak vinen I wish I was a ninja. Vinane hans vert produsert med- og utan skallkontakt. Fokuset er å drive så naturleg som mogleg, der vinen vert tappa enten usvovla eller med fornuftig låg svovelverdiar.

Produksjonsvolumet hans er lavt, men heldigvis er Noreg eit av dei landa han prioriterer å selge til.

Etter å ha jobba med Eben Sadie, Tom Lubbe frå Domaine Matassa og Dirk Nieport, fekk Craig Hawkins opp viktigheita av syre i vinar som frå varmare klima.

Sør-Afrika viser stadig seg frå nye sider. Vinmessig er det eit land i radikal endring. Lite viste eg om vin under eit besøk for 10 år sidan. Då var inntrykket mitt i hovudsak at aroma av varm frukt og brent gummi dominerte vinane. Desse vert det stadig færre av.

Det dukkar heller opp talentfulle og unge vinmakarar som tørr å tenkje nytt, og nytte seg av dei lokale druene, jordsmonnet og potensialet det kan gi.

Fleire vinprodusentar får vinar med kjøleg og delikate frukt, det er desse som verkeleg imponerer.

God fredag :)