Tempranillo

Solkysten i Spania kjenner dei fleste til. I dei periodane det ruskar som verst i Noreg er det godt å vite at vi berre er ei flyreise unna varmen.

Over fleire tiår har solkysten i Spania vore ein redning for spesielt nordmenn. Tideleg vart ein introdusert til eit smaksrikt kjøkken, vin og ein inkluderande kultur. Dei unike råvarene i området reflekterer dei mest unike rettane og spesielt i kombinasjon med vinen.

Vinen set fart på blodet og gjer opphaldet i Spania som ein dans på raude roser. Spansk vin har gitt meirsmak i det norske marknaden. Rioja har representert vin frå Spania ei stund, men stadig vekk kjem andre dyktige vinområder etter.

Dura Temperanillo er den viktigaste i Spania. I dei kjente områda Rioja, Navarra og Ribera del Duero er Temperanillo hovuddrua. Drua kan vise seg frå ulik karakter. Frå unge og fruktige med aroma av mykje bær til fyldigare, grunna lengre lagringstid. I den unge varianten vil aroma som kirsebær, jordbær, mørke bær, blomar og hint av urt finne i vinen. Den fyldigare vil ha ei meir kostbar produksjon. Aromaspekteret vil gå i retning av krydder, lær, tobakk og meir.

  • Kategorien Reserva og Grand Reserva vert lagra på fat og flaske før den finn vegen til butikkhylla. Lagringa på fat og i flaske gir ein rikare vin med høgare konsentrasjon. Aroma som krydder, tørka frukt, vanilje, mørke bær og lær vil den by på. Reserva krev lagring i tre kalenderår før den vert slept ut på marknaden. I løpet av denne perioden krev ein at det er minst eit år på eik som skal ha ein maksimal storleik på 330 l, og resten på flaske.
  • Grand Reserva lagrast minimum 60 månadar. Av denne perioden vert 18 månader brukt på eikefat og der den har ei maksimal storleik på 330 l, og resten er på flaske. Dei årgangane som visar seg frå ei betre side lagar dei vin ved krava frå Grand Reserva.

For å oppnå den perfekte balansen mellom syre og eleganse ønskjer drua kaldt klima. I varmare klima vil den oppnå høgare sukkernivå og tjukkare skal. Det er to variasjonar som vanlegvis verkar vanskeleg å oppdrive, men Spania har svaret. Der ein kan finne kontinentalt klima vil ein ofte finne Temperanillo. Gjerne i høgda i Ribera del Duero er sommaren korte og vintrane lange. Temperaturen om sommaren kan by på dagar med 40 grader, og netter der gradstokken går ned mot 20 grader. Både kjøleg og varmt klima vil vere med på å avgjere resultatet i vinen. Ein kombinasjon vil gi den optimale resultatet.

433933323_c566525016.jpg

I nabolandet til Spania er Temperanillo også planta. I Portugal vert drua kalla Tinta Roriz og er ei viktig drue i portvin, Portugal sin klassiske sterkvin. I raudvinane frå Dâo og Duro vert drua nytta.

Andre land som Argentina, USA (California) og nokre stader i Australia, New Zealand og Sør-Frankrike vert også drua dyrka.

I kombinasjon med mat er drua svært fleksibel. Den unge Temperanillo vil enklare rettar passa eksepsjonelt. Rettar som kylling, pasta, svinekotelettar med meir er gode kombinasjonar. Der drua har ei lengre langringstid vil den oppnå ein høgare konsentrasjon. Kombinasjonar med smaksrike rettar som lam, entreôte, nokre ostar og mykje meir er svært godt.

Det er berre å prøve seg.