”Ta den fyrste og beste”

Eller ikkje? Har du reflektert over din veremåte i det du trer inn i eit nytt lokale?

Er du typen som fyller heile rommet umiddelbart, eller stiller du heller deg i hjørnet og kjenner på stemninga før du trer inn i ein samtale?

Alle har si rolle.

Det er alltid denne eine typen som fangar rommet. Vedkommande er som ein magnet med sitt fangande vesen, slåande kommentarar og blide sinn. Mange ynskjer å tre inn i denne rollen, men ikkje alle kler den.

Trass sine feil og manglar vil vedkommande på grunn av sitt gode rykte og vinnande vesen tiltrekke seg andre.

Er han den beste?

Å jakte etter den perfekte vinen er litt som å vere på sjekkaren. Ein leitar alltid etter det spesielle, unike og komplekse med dei best samansette aromane.

Kan ein bli skuffa? Ja, ofte.

Er det likevel verdt det? Så absolutt.

Det at ein før eller seinare finn dette magiske augeblikket, vinen som verkeleg får kvardagen til å lyse opp og ganen til å smile, er verdt all skuffelsen på undervegs.

På vegen er det ofte trygt å følgje råda frå dei rundt ein. Ofte får ein klar tale og ei fordømt trygg stemme som kjem med sine tidlegare erfaringar.

Vi har alle ulike ganar, akkurat som ein vektlegg ulikt i val av partner, og kvar og ein har sin preferanse for vin. Variablane for val av vin kvart enkelt individ har, er mange. Ikkje alle har like utvikla smaksløkar, den same toleransen for syre eller glede for ulike stilar.

Nokon vil gå den trygge vegen, medan andre søker mot det uvisse og usikre i håp om å oppnå det eventyrlege.

Sistnemnde vil truleg oppnå seigare nedturar, men betre oppturar. Kvar prøvelse vil gjere ein betre rusta.

Difor kan ein gjerne prøve seg på dei mange kjende og gode vinvala som vi kjenner til frå Spania, men sjå også mellom rekkene og finn deg ein ny favoritt. Dei er nok der ute, men gi deg sjølv litt tid og tolmod i jakta på dei.

Tidlegare denne månaden påpeika eg at det var langt meir enn berre dei kjende druene ein burde prøve seg på når det gjaldt Spania.

Kva seier godello, treixadura, og vedejo deg?

Desse druene har fanga mi merksemd. Kvifor? Ikkje har eg drukke noko særleg vin laga på desse druene, men alt eg har smakt hittil har hatt ein spanande karakter og aroma. Det irriterer meg at eg ikkje har funne desse godbitane før, samstundes som eg no kan glede meg over at eg har mykje happy exploring framføre meg.

GodelloDen ukjende kvitvinsdrua frå Nord-Spania, og som kan minne mykje om drua chardonnay ved at den er nøytral i seg sjølv, men tek lett karakter frå sine omgivnader. Drua er unik og kan verkeleg imponere.

TreixaduraPrimært ei drue ein finn i Portugal, men som gjer seg bra saman med andre druer ved å tilføre kropp og friske aroma av sitrus.

Vedejo Drua kjem opprinneleg frå Nord-Afrika, men dei siste tusen år har den også vore å finne i Spania, hovudsakleg i Rueda. Ein nyttar drua til å lage oksiderte Sherry-liknande vinar, men på grunn av at mange no haustar inn druene på natta får ein mindre preg av oksidasjon, og heller saftige, aromatiske og fyldige vinar.

Ta med deg dette ut på di eiga oppdagingsferd.

Det er ikkje nødvendigvis den fyrste som er den beste, heller at den som leitar finn.

Lukke til!

6799817712_652a82d202_z.jpg