Syrah

Vin laga på drua Syrah frå Nord-Rhône er ein klar favoritt.

Dei mange vinmarkane byr på eit mangfald av delikate og herlige aroma. Kva ord skal ein bruke for å beskriv drua Syrah? Intens kanskje?! Druene har ein tendens til å vise seg frå ulike sider, både for kvalitet og stil. På det beste vil Syrah gi ein kombinasjon av kraft med eleganse.

Kvalitetsdura Syrah er å finne fleire stader rundt om i verda. Klassisk vinar vil ein finne i Nord-Rhône der drua byr på eindruevinar med eleganse. Cornas, Côte-Rôtie, Hermitage er ein av underområda. Jordmonn byr på ein variasjon mellom gneis, granitt og skifer frå Sentralmassivet. Det gir drua moglegheita i å utfolde eit større karakterfult aroma. Variasjonen vil by på eit mangfald. I den sørlege delen av Rhône vert drua brukt som ei blandingsdrue med blant anna drua Grenache. Lenger sør i Frankrike vil ein også finne fleire områder der Syrah held til, både som eindrue- og blandingsdrue. Andre stader i verda vil drua finne seg til rette, men aroma vil vise seg frå ulike ansikt. I Australia blir den kalla Shiraz og er planta over store delar. I seinare tid har drua blitt populær. I Spania er den brukt blant nyplantingane.

Nyansane er store sjølv om ein berre skal samanlikna aroma mellom områda som Frankrike og Australia. Vinen byr på ei mørk og tett farge med ei stor kjerne. Aromaspekteret byr på eit spenn innom søtlege bær, solbær, plommer, morell til urt, pepar og noko som kan gå i retninga mot medisinskap. I tillegg kan drua by på eukalyptus, sjokolade, lakris som gjerne er å finne frå varmare klima. Assosiasjonane kan vere mange, derfor er det sentralt å bruke nasen til det den er god på.

Syrah er i likheit med andre druer avhengig av klima. Drua er sær og treg visse rammer for å trivst. Toleransen er lav og drua skal verken ha for mykje eller for lite varme. Den knoppar seint og modnast tideleg i sesongen. Om drua er omgitt av for mykje varme vil det ikkje gå lang tid før den blir overmoden. Samanlikna med drua Cabernet Sauvignon har Syrah også tjukt skall, og gir vinar med mykje farga og faste tanninstruktur.

Grunna klimaskilnaden vil hovudbodskapen i ein Syrah vere fruktkvaliteten. Dei varme områda set spor på vinen. Frukt som er overmoden og kort, er lite å gå etter. Hemmelegheita er å få ein vin utan for mykje alkoholpreg i kombinasjon med god friskheit og modne tanniner.

Det er ikkje uvanleg å fatlagre vinen før den vert tappa på flaske. Grunnane kan vere mange. I hovudsak hjelper fatet med å stabilisere vinen og gi vinen ekstra aroma. I tillegg tilføyer fatet lett oksidasjon som mjuknar opp tanninane. Størrelsen, opphavet til fatet er blant nokre faktorar som bidreg til skilnader i aroma og det ferdigstilte resultatet.

Dei fleste vinane laga på Syrah trivst godt med to år i kjellaren. Nokre har lagringsforhold til ein lengre periode, desse kan sjå behov for ti år i kjellaren. Men for ein Hermitage vil den først nå toppen etter 15 år. Å leggje ein vin til lagring i 15 år byr på ein test. Kvart år vil ein spørje seg sjølv korleis aroma har utvikla seg og om det kan vere spennande å berre opne den no? Tolmodigheit er hemmelegheita, og for dei som ventar er det nok verdt det.

Matkombinasjonane vil berre gi ei sperre for dei som ikkje let kreativiteten sleppe til. Generelt kan vi sei at rike rettar kler drua. Sjølv må eg vite kva for komponentar som er å finne ved sidan av retten, for å finne den mest optimale vinen. På onsdag kjem det ein anbefaling mellom mat og vin, der Syrah frå Nord-Rhône er nødvendig.