Stilton, peparkake og portvin

Stilton, peparkake og portvin

Fekk du ikkje ete opp dei sju slaga med julekaker? 

Fortvil ikkje, dei kan komme til nytte. Sjølv er eg ikkje stor tilhengjar av verken julekaker eller kjeks. Det er for tørt. Kombinasjonen med peparkake, Stilton-ost og moden portvin derimot vekkjer nysgjerrigheita og gir peparkakene eit bruksområde. Er blåmuggost berre for dei tøffaste? 

Roquefort, Gorgonzola og Stilton er nokre typar som går under kategorien blåmuggost, der alle er kjenneteikna av sterk lukt og kraftig smak. Denne type ost er ikkje for alle, men om du byrjar snilt i ostens verden vil du sakte, men sikkert kunne nyte ein blåmuggost med tida. Alt handlar om å utsette munnen for nye smakar, utfordre ein sjølv og med tida vil ein utvikle smaksløkane.

Hemmelegheita er å kombinere den kraftige osten med sterk og søt vin. Feittet og smaken er krevjande for munnen og ein vin med høg alkohol, sødme og frukt vil kunne kunne balansere og utfylle smaksopplevinga.

Av nysgjerrigheit prøver eg gjerne kombinasjonar som ikkje er erketypiske, men som enten kan overraska positivt eller forklarar kvifor ein ikkje nyttar den kombinasjonen. Ein av desse var Calem Colheita 2000. Mot osten utfylte dei kvarandre, men til peparkakene var det ikkje like bra.

Ein sikker vinnar til Stilton derimot er vintage port, og her kan ein finne mykje godt om lommeboka tillet det. Alternativt kan du kombinere ein portvin frå eit varmt år som difor har modna tidlegare.

Stilton er ein engelsk blåmuggost som vert laga av pasteurisert kumelk i East Midlands, England. Den vart fyrste gong produsert tidleg på 1700-talet. Totalt er det i dag seks meieri som har lisens for produksjon.

Namnet er ei oppattkalling etter landsbyen Stilton i Cambrigdeshire, sjølv om den nok aldri er laga der. Historia har det til at det var nettopp her fyrste Stilton-osten vart seld, på ein restaurant ved namnet Bell Inn.

Prosessen vert lagra i behaldarar med hol, altså ikkje pressa. Deretter vert den injisert med blåskimmelkulturen penicillium roqueforti ved hjelp av nåler. Fyrst etter tre månader kan den fyrst etast, og difor smaker blå Stilton best til jul.

Jula raste forbi og eg sit igjen med julekaker. Difor var det slett ikkje feil å diske opp med peparkake, Stilton og vintage port.