Reise, MatAnniken England

Steikt lyr frå Kalvåg

Reise, MatAnniken England
Steikt lyr frå Kalvåg

Ingenting er som å vere på reisefot, besøke nye stader, få nye opplevingar, møte nye menneske og få ny inspirasjon.

Før avreise til Kalvåg forventa eg ei stormfull og våt veke med MYKJE fisking, men forventingane vart berre nesten haldne. Utruleg nok vart det nemleg strålande sol og vel 20 grader heile veka. Kva er sannsynet for det sett i lys av den relativt kjipe sommaren vi so langt har hatt i Noreg?

Ikkje nok med å besøke Kalvåg igjen og fiske masse fekk eg i tillegg møte min tidlegare kollega frå Tango Restaurant i Stavanger, Martin Fosse Sveian. Ein utruleg dyktig, dedikert og herleg trøndar.

Han og kona har begge vore på juniorlandslaget og held i dag orden på strålande mat på Knutholmen. Det er utruleg at to så dyktige personar er å finne langt ute i havgapet av Noreg, i sjølvaste matfatet vårt. Det er absolutt verdt eit besøk!

Eg er så heldig som får dele ein av Martins mange spesialitetar: "Steikt lyr frå Kalvåg med brokkolini og blåskjellsaus med dillolje".  

 

Oppskrift på blåskjellsaus:

Det er enkelt og veldig godt!

  • 1 stk. sjalottløk
  • 1 ss soyaolje
  • 1/2 fedd kvitløk
  • 1 stk. sitrongras (kan sløyfast)
  • 1 kg blåskjell (vaskast før bruk)
  • 3 dl rimeleg tørr kvitvin
  • 1 dl kremfløyte
  • 1 stk. sitron
  • Salt
  • Pepar
  • Smør

 

Slik gjer du:

Finhakk løk og kvitløk, fres det i olje til løken er blank. Start gjerne med ein kald kjele, då har du betre kontroll på temperaturen. Løken skal ikkje ta farge. Bank den lyse delen av sitrongraset med handtaket på kniven, då vert det frigjort ein fantastisk aroma!

Ha sitrongraset i kjelen saman med blåskjel og kvitvin, dekk med lokk og damp til blåskjela opnar seg. Sil av krafta og tilsett fløyten, kok opp og smak til med frisk sitronsaft, salt og litt cayennepepper. Ynskjer du ein litt meir fyldig saus, så kan du bruke stavmiksar og køyr inn eit par spiseskjeer med smør.

Takk for denne gong Kalvåg, eg kjem snart igjen!

 

P.S. Les meir om opphaldet i Kalvåg her og fiskelykken.