Spanias beste måltid

Så godt, og så enkelt. San Sebastian er byen med flest Michelin-stjerner per innbyggjar.

Ikkje nok med at du kan ete deg ”lei” på dei mange stjerne-restaurantane, men her kan du attpåtil få utsøkte opplevingar frå berre 1 til 5 euro på dei mange pubane i gatene.

Restaurant Akelarre kan vise til tre stjerner, noko som er ei ære i seg sjølv. Fenomenalt gode rettar fekk vi smake når vi var på besøk der. Servicen var behageleg og svært profesjonell. Det er inga tvil om at opplevinga sette sine spor og gjorde inntrykk.

bilde-9-2-768x1024.jpg

Det var likevel ikkje der me skulle få dei beste smaksopplevingane.

I bygda Daroca de Rioja, har 24 innbyggjarar, driv to brør restaurant. Den eine broren er kokk, medan den andre er vinkelnar. Med eit glimt i augo ønska dei oss velkommen. Vi var ikkje meir enn innanfor døra komne før vi vart geleida ned i vinkjellaren.

Restaurant Venta Moncalvillo kan også skryte på seg ei stjerne i Michelin-guiden, men stemninga her var langt meir avslappa og ærleg. Ein skulle nesten tru at ein var heime på middag hjå dei to brørne.

Gjennom måltidet imponerte dei meg veldig med sine kombinasjonar av smakar, komplementert med ypparleg vin.

Eit kort samandrag av måltidet: 

”Forventningsfullt smilte vi då vi kunne sjå at ein ost vart servert. I det vi sat tennene i det vi trudde var ost, vart det skurr på linja mellom forventingane i hovudet og smaken i munnen. Retten bestod av torsk som var dekka med ”etande aluminiumsfolie”. Intensjonen deira var å gjere oss bevisste på korleis vi innstiller hjernen vår på kva vi ”skal” smake, og forventingane vert innstilte deretter. Dette gav oss tydleg prov på kor viktig det er å halde sanseapparatet aktivt og kjenne etter kva aroma retten faktisk har å by på, utan å la seg styra av kva ein trur det skal smaka.

bilde-1-5-copy-1024x768.jpg

På ei treplate vart tre nye smakar introduserte. Det var fyrst her dei verkeleg vekka interessa mi. Den fyrste kombinasjonen bestod av eit eggeskal fylt med soppespuma. For å få denne magiske soppespumaen som er både krema og luftig med ein konsistens som kan minne om eggedosis, vert det nytta ei espumaflaske. Rik på aroma fyller espumaen munnen med jordlege aroma i ein krema og luftig stil. Det er rett og slett fabelaktig. Deretter kjem det ein smakebit av pâté, og til slutt tørka eple, som gir ein søt aroma, fylt med min elskverdige foie gras. Allereie no er eg i himmelen. Kvar skal dette ende? Vi har jo akkurat begynt.

bilde-2-3-e1497027250962-225x300.jpg

Ein ny vin vert skjenka i glasa, denne gongen står vi framfor ein rosé laga på 90% raud Granacha og 10% Viura frå vinmarka i Badarán i Navarra av Martinez Alesanco.

Til vinen skal ein kombinere ein delikat, frisk og sommarsleg rett. Utføringa av retten er så flott at det er vanskeleg å gå laus på den. Den består av tunfisk, tomat, ein isost, og olje som er forma som ein dråpe. Når ein tek ein bit fyllast munnen med den fabelaktige olivendråpen og smaksrik soltørka tomat. Magisk!

bilde-2-3-copy-1024x768.jpg

Nytt glas, ny vin. Denne gongen blir det servert ein kvitvin frå produsenten Livius i Rioja. Laga på 70% Viura og 30% Malvasia som har fått ein periode på eik. Fargen er gul, og går i retning mot gull. Den får meg til å tenke på sherry med aroma av nøtter, oksidasjon, eik, men i tillegg frukt av aprikos.

Tallerken består av hagens omnsbakte delikatesser. Igjen forbausar dei meg og byr på ei ny vri innan kombinasjonar. Denne retten vart truleg min favoritt. Omnsbakt paprika, ein blautkokt eggeplomme, stang av brioche, toppa med kantarell. Heile munnen vart fylt av ei ubeskriveleg behageleg kjensle med gode aroma, og smaken den rette definisjonen på umami. I glaset kombinerer dei retten med Sierra Cantabria Crianza 2010 frå Rioja. Ein vin med flotte tanninar og tonar av jordbær. Heilt fenomenalt.

bilde-1-8-1024x768.jpg

Har du smakt ”cocochas”? Ikkje fortvil om det ikkje gir meining, eg skal innrømme at det ikkje gav meining då det vart servert framfor meg heller. ”Cocochas” er den nederste delen av haka på fisken, som i vårt tilfelle var torsk. Det er plassert to på kvar tallerken. Dei er rike på smak, truleg grunna feittinnhaldet. Sjølv kor uvanleg dette er, er det likevel ubeskriveleg godt. I glaset får vi raudvin frå Rioja laga på 100% Graciano. Vinen byr på raude bær mot kirsebær og bringbær, med ein syrleg vri.

bilde-1-7-1024x768.jpg

Raudt kjøt vert så servert. I glaset kjem ein kjent produsent som eg har smakt mykje av før; Lan med sin 2005 Gand Reserva. Med litt alder har dei harde tanninane blitt litt rundare. Resultatet var klare aroma av mørke bær. På tallerken ligg ryggen av lam. Kjøtet er perfekt steikt og har ein mørk, søtleg saus.

Magen har for lengst sagt seg nøgd, men alle har vel ein ekstra mage for dessert? I glaset avsluttar vi med dessertvin av Melante Colección laga på 100% Muscat. Aroma av marmelade som går i retninga av aprikos med nøtter, smør, ananas og jasmin. Desserten kan minna om arme riddarar, men med er luftigare, med eit meir krema innhald som var karmellisert i kombinasjon med ekte vaniljeiskrem. Eg er rett og slett målaus. Brørne er utan tvil dyktige, og måltidet er truleg det beste eg nokon gong har smakt!”

Om du er så heldig å vere i området, vil eg sterkt anbefale deg ein visitt innom. Det er så absolutt verdt det!

bilde-2-4-1024x768.jpg

Med andre ord kan ein kort konkludere med at Spania har gastronomiske opplevingar i ulike sjangrar; alt frå svært rimeleg til det meir eksklusive.

bilde-1-5-e1497027122964-768x1024.jpg