Smaken av fest!

Til kva for anledningar passar det med Champagne?

Eller musserande vin? I mine auge er svaret ALLTID! Den friske, syrlege og boblande vinen er rein glede i flaskeform. Alternativa og stilane av denne vintypen er mange; har du ein favoritt?

I veke 3 av nettkurset ”Det DU treng å vite om VIN tek eg føre meg kva som kjenneteiknar dei ulike musserande vinane og vi vil sjå på kva som er skilnaden mellom Champagne, Crèmant, Cava og Prosecco.

Forhåpentlegvis kan det bevisstgjere deg på deira ulikskapar, og gjere det enklare for deg å finne din favoritt.

Ettersom eg har ein del vininteresserte sjeler rundt meg, fekk eg denne slåande, personlege og flotte skildringa av Champagnen Chopin Cuvée Prestige Blanc de Blancs Brut 2002:

Korken er av og den tradisjonelle gjærbaksten er der, men forsvinner raskt og overtas av et kobbel av tyngre dufter: treverk, lim, etter hvert toast, sherry.

"Det smaker cognac", sier min kone, "mer sherry", sier jeg, "ja, kanskje det", sier hun, "men den er veldig tørr", "javisst", sier jeg, "men kjenn på den lange ettersmaken", sier jeg. "Det er en champagne for viderekommende", er vi enige om.

Boblene holder seg veldig fint.

Etter en stund knirker det i døren til matkjelleren, vi går ned en trapp med spindelvev og kjenner kjellerluktenikke mugg, men tørr kjeller.  Borti et hjørne står en fruktkasse av gammelt treverk med epler fra Hardanger. De har stått en stund og blitt litt melne, men smaker fortsatt godt, konsentrert, stedsbundet.

Det ropes på gåselever, men vi har ikke....

Fall smaksnotatet i smak? Javisst!

Musserande vin passar til så mange anledningar og dei fleste finn noko dei verkeleg likar. Auka kunnskap og betre forståing kan likevel gjere at du får enno meir ut av smaken av desse fantastiske boblene.

Er det fleire enn meg som ser fram til veke 3 i nettkurset Det DU treng å vite om VIN?