Skapet med det rare i..

Alle har vel eitt? Eller to? Innhaldet i klesskapet mitt er råbra! No snakkar eg ikkje om fine blusar, ein snerten kjole eller ei kåpe, men ekte saker. Ja, og kva er vel det?

Ikkje noko anna enn vin sjølvsagt. Når eg er på reise plukkar eg alltid med meg vin, gjerne frå lokale produsentar vi ikkje har heime i Noreg.

I klesskapet er det få vinar som har potensialet til å lagrast i 5-10 år, men dei tek ikkje skade av nokre år på baken.

Ein av desse er produsenten eg oppdaga tilfeldigvis i Provence for nokre år sidan. Med stor begeistring for vinane, spesielt den kvite, kunne eg endeleg plukke fram hans Château ThuerryL`Exception Red. Eg har ikkje smakt vinen sidan eg besøkte produsenten.

Vinene er laga på druene cabernet sauvignon og merlot som har blitt dyrka fram i leire og kalkstein. Vinfikasjonene startar med ein kaldmaserasjon for å gi finesse, deretter ei lang fermasjon på 32 grader for å ekstrahere tannier. Cabernet lagrast på eikefat på tolv månader, rafinerte tanninar og tilføyer eiketonar.

Med nokre år på baken er vinen fortsatt spanande. Den har flott varm frukt, tonar av krydder og brukbare tanninar som har blitt meir raffinert med åra. Til ein smaksrik pizza med ei rekke ulike franske ostar gjekk kombinasjonen bra. Les meir om produsenten her. 

 

Lagring av vin: 

På heimesida til vinmonopolet har dei ei enkel og grei definisjon for lagring og oppbevaring av vin; ”Lagring skal forbetre vinens kvalitet gjennom modning. Oppbevaring har som mål å bevare vinens kvalitet mellom innkjøp og konsum”. For sannheita er at ikkje all vin vert betre med tida.

Kanskje dette kjem som sjokk! Vin inneheld organisk syre, sukkerstoffer, fenolar og polyfenolar, rettare sagt, mange typar komponentar. Kvaliteten av vin atterspegle komponentane. Faktorane av komponentane tilsvara lagringspotensialet til vinen. Og hugs, dei fleste vinane i dag vert laga til konsumbruk – dei skal drikkast no!

Les gjerne meir om gode tips for lagring av vin, og om det er naudsynt med "Vin i kjellaren eller vinkjellar" her.

Oppbevaring av vinflasker er derfor ikkje eit problem. Bruk plassen som du allereie har og tenk kreativt. Det er i alle fall lov til å halde på draumen om ein vinkjellar, og at innhaldet skal vere der etter!

Les meir om bygging av vinkjellar i Hus & Bolig nr. 4-2014 her.