«Sherry to the soup»

«Sherry to the soup»

…..er truleg din assosiasjon til sherry og referansen har du frå slageren Grevinnen og hovmesteren, sjølvaste høgdepunktet på vesle julaftan.

På 1600-talet vart sherry rekna som verdas beste vin. Sherry er ein tørr sterkvin som vert laga på kvite druer og kjem frå området rundt Jerez i Spania. Den gjærast lenge slik at druesukkeret blir til alkohol

Sherryen har helde seg på marknaden, og om det er britane vi skal takke for det, med si interesse og trong for portvin, sherry og madeira, er vanskeleg å seie. Liten tvil er det i alle fall om at ryktet til sherry kan vere både og. Nokre er stivt prisa, med upåklageleg innhald, og ein kan då vera einige med folket på 1600-talet. Diverre har vi også mengder av sherry av dårleg kvalitet på den norske marknaden, som har gitt sherryen eit dårleg stempel. Kanskje assosierer du det meir med ein ”gamal-tante-drikk”, og styrer unna?

Du er i så fall ikkje åleine. Denne spanande vinen vert i dag ofte undervurdert, og lite nytta. Kanskje kan ein skulde på kommersiell drift for å øydelegge ryktet til sherryen, som med så mange andre produk, men finn ein godt produsert sherry er det litan tvil om at dette er dråpar verdt å smake på.

Sherry er kjekt, veldig kjekt. Og godt.

Sherry kan vera frå tørr mot meir søt i karakter, og har eit breitt bruksområde. Den gjer seg til dømes godt som aperitiff,- vel då gjerne sherry av typen fino eller manzanilla.

Sjølv om vi gjerne føretrekker dei mange gode kvite eller raude vinvala til mat, skal ein heller ikkje undervurdere sherry til måltidet.

Om du skal servere ein forrett, gjerne med syrlege og salte innslag, som for eksempel skinke eller noko anna i den gata, vil det passe særleg bra med lys fino.

Her kjem ei lita oppsummering av ulike sherry-stilar.

 

Ulike stilar av Sherry:

  1. Manzanilla – er den tørraste og enklaste sherryen. Den optimale aperitiff, men som også passar godt til skaldyr og fisk. Delikat. Den vert laga ved kysten i byen Sanlúcar.
  2. Fino – også tørr og lett, kan minne om stilen over og er den vanlegaste sherrytypen. Den er gul i fargen, gir aroma av mandlar og er knusktørr. Bruk gjerne til aperitiff eller forrett.
  3. Amontillado – Truleg den mest kjente som finnast både som tørr og halvtørr. Ypparleg å drikke åleine, men også til suppe. Har gjennomgått ei lengre lagring på fat, der floret til sist vert daudt og vinen har fått ein lett oksidasjon. Fargen er gyllen, aroma går i retninga av hasselnøtter og sherryen er generelt mindre tørr.
  4. Oloroso -  Fyldigare, meir aroma og alkoholprosenten kan nå opp mot 18%. I tillegg er den søt på smak, grunna det høge glyserininnhaldet. Prøv den gjerne åleine eller til dessert.  Denne er kastanjebrun i fargen med tydelege valnøtter. Den er som regel tørr, men mange kommersielle olorosoar har fått tilsett most eller vin laga på tørka druer (pedro ximénez eller moscatel, og får då eit litt søtleg preg.
  5. Palo Cortado – er ein amontillado som under lagring får ein anna karakter og får nokre av olorosos eigenskapar, som til dømes fylde, men held meir på elegansen og floralske tonar. Ein palo cortado er sjeldan, slik at ein kan anta at kommersielle utgåver er ei miks mellom amontillado og oloroso.
  6. Creamblandinga av andre søte vinar og oloroso. Ypparleg til dessert.

På fredag får du nokre kjekke køyrereglar for å sette saman sherry til mat. Fram til dess får du kose deg med suppe ;)