Vin, MatAnniken England

Sherry til mat?

Vin, MatAnniken England
Sherry til mat?

Er du av den nyfikne typen, vil dette innlegget passe deg. Ein treng ikkje alltid vere klassisk, enkel og typeriktig når ein skal velje drikke.

Kva med å tenke litt utanfor boksen?

Sherry vert mykje nytta i Spania, men er likevel ikkje det Ola Nordmann triv etter i jakta på noko nytt og spanande. Vi har ein tendens til å følgje straumen og passe på at vi gjer akkurat som naboen gjer for å ikkje skilje oss ut.

Hurra for eit innslag av det ikkje-tradisjonelle! Endeleg har vi kome til delen der ein set saman sherry til mat. Er du gira på å prøve?

 

Nokre gode kombinasjonar til deg som er klar for noko ”RAOBRA 

(Les gjerne meir om kva som kjenneteiknar dei ulike sherrystilane HER.)

Manzanilla/finoer ypparleg til salt mat, gjerne spekemat, oliven og ansjos, som andre vinar ikkje finn same harmonien med. Bakgrunnen er at ein gjerne finn saltsmak, spesielt for manzanilla som vert produsert ved kysten.

I tillegg kan denne stilen, med si friske syre og friskheit, gjerne kombinerast med skaldyr.

Amontillado er fin til skaldyrconsoméer. Sherryen har meir smak av tre og innslag av nøtter, saman med høgare alkohol, fylde og konsentrasjon og handterer difor kraftigare rettar. Prøv gjerne saman med spekeskinke eller posjert fisk.

Oloroso er ein kraftigare, meir rustikk og 100% oksidert sherry. Her er det berre å køyre på med okseconsommé med oksehaler, oksehaleragu og peparrotkrem. Kategorien inneheld også dei søtaste og kraftigaste dessertvinear ein kan finne, og dette er vinar som passar best åleine.

Sherry er ypparleg å ha ståande i heimen. Mi kjære venninne, Sara, har nesten alltid sherry ståande. Det resulterer ofte i eit glas når ein kjem innom om kvelden. Ein perfekt sak å nippe til med sine flotte og mange aroma medan praten går.

Pass på at vinen verken er for kald eller varm når den lagrast og når den serverast. Dei enklaste vinane (til dømes manzanilla) kan gjerne halde 10-12 grader, medan amontillado/oloroso ideelt haldast på 12-13 grader.

Prøv deg fram i ei ny og spanande verd med sherry. Du kan anten drikke den åleine, eller ha noko smått attåt. Spanande blir det uansett.