Sebastien Riffault, Sancerre

Sebastien Riffault, Sancerre

Kva skjer når ein velrenomert vinbar invitera produsent Sebastien Riffault til kokkekunst saman med Thomas Haugstvedt? Magi!Det var duka for Bergens Vinfest..

Fasiten på den perfekte Sauvignon Blanc vil ein finne i Sancerre. Klokkeklar i smaksbilete. Men, produsenten Riffault lagar ikkje vin på same måte som andre produsentar i Sancerre. Det gjenspeiglar smaken på vinen også.

Med sine 12 hektar lagar har vin etter biodynamisk prinsipp, der alle vinane er spontanfermentert. Reaksjonen er mange, er dette godt eller blir det for spesielt? Bergen Vinfest 2014 kom Sebastian Riffault på besøk hjå Don Pippo, ein liten sjarmerande vinbar i Håkonsgate. Bak baren er dei kunnskapsrike og lever for å formidle ei større forståing innan vinens verd. I kombinasjon til Riffaults vinar vart det satt mat frå Thomas Haugstvedt, som tidlegare var kjøkkensjefen ved den Norske ambasaden i Paris. Kreative, spennande kombinasjonar viser vinens potensial og opnar smaksbilete.

For eit par år sidan besøkte eg Loire, eit vinområdet som tiltalte meg med stor begeistring. Vinane som vert kjenneteikna som klare, flotte og aromatiske møtte hjarteroa. Området stekkjer seg frå vest og vel 1000 km inn i landet langs Frankrikes lengste elv, Loire. Frå kystlinja til innlandet dekkjer området mange forskjellige typar jord og klimasonar. Sancerre ligg sør for Paris, og like ved byrjinga av elva Loire. Området er lokalisert vest for elva og Pouilly-Fumé er å finne i aust. Begge områda er bassert på drua Sauvignon Blanc og ligg på dei same kalkforekomstane som er å finne i Chablis, og sørlege del av Champagne-distriktet. Generelt vil ein kjenneteikne vinar herifrå som elegante, med klar syre og middels fyldig kropp. Vanlegvis byr aroma på stikkelsbær og hylleblom, men Riffault viste seg frå ei anna side. Eg sit med inntrykket at du enten hatar eller elskar vinane hans. Personleg er eg klart i sistnemnde kategori.

Sebastian har ein ekstremt lav avling. Den 30 år gamle vinprodusenten har lykkast i sin jobb. Han og faren Etienne skapt svært aromatiske vinar med høg intensitet. Kona til Sebastian er frå Latvia, og vinane har derfor fått latviske namn.

IMG_4851
IMG_4851

Smaksnotat

Riffault Sancerre Les Quarterons 2011

Gyllen smørblom på farge. Tropisk frukt mot aprikos og mineralitet på nasen. Aromatisk i munn, torpisk frukt med preg av mineralitet og anis i avslutninga. Tørr utgang med flott konsentrasjon. Fantastisk godt! Den einaste som er tilsatt litt svovel.

Saulétas

Namnet tyder ”bada i sol”. Rik på tørka gul frukt. God balanse, struktur.

Auksinis

Saftig frukt i retning plommer med mineralitet. Balanse med syrleg frukt og god struktur.

Skeveldra

Rik i munn, svært spennande aroma. Tørka tørr frukt, nøtter med flott saltpreg. Lang med svært god struktur, flott syre. Vinen har fått eit opphald på 24 månadar i åtte til femten år gamle 225 liter-fat, samt eit år opphald på flaske, før dei kom på marknaden.

Akméniné

Rik på aroma, mykje plommer og flott mineralitet. God sødme med god syre. Svært god struktur. Vinen har fått eit opphald på 24 månadar i åtte til femten år gamle 225 liter-fat, samt eit år opphald på flaske, før dei kom på marknaden.