Sangeria

Sangeria

Kven drøymer seg vel ikkje vekk til varme dagar, sol og saftig drikke i glaset?

Det gjer i alle fall eg. Sjølv om Sangeria ikkje akkurat er ei gastronomisk oppleving, er den perfekt for varme og late dagar. Under palmene kan Sangeria opplevast som det beste ein nokon gong har smakt. Det er friskt med frukt, vin, is og bris. Denne spanske feriedrikken kan du gjenskape kvar enn du er.

Du finn ei rekke gode oppskrifter på nett, men mitt tips er generelt å ha bra med frukt, ein saftig enkel raudvin (gjerne av typen valpolicella) og masse appelsinskiver i.

P.S. Kanskje speler atmosfæren, stemninga og varmen inn når ein nyt Sangeria på ferie, slik at den gjerne ikkje smakar like godt i Noreg, men kva gjer ein vel ikkje for å auke sommarstemninga eller mimre tilbake til gode ferieminner?