Gastronomisk reise til San Sebastián

Nordvest i Spania kan du finne ein liten sjarmerande kystlandsby.

Baskerane kjenner byen som Donostia, mens vi andre kjenner den som San Sebastián. Dei siste åra har byen blitt det fremste turistmålet i Baskerland, men langs gatene får ein ikkje kjensla av det.

Viktoriansk arkitektur dominera, som truleg skuldast besøk av den spanske kongefamilien og adelskapet rundt det forgje århundreskifte. I dag er San Sebastián ei av Europas viktigaste matbyar, det er truleg derfor matnerdane straumar hit!

bilde-2-1024x768.jpg

Lenge har eg ønskja å reise til San Sebastián. Mange dyktige kokkar, spesielt frå restaurantmiljøet i Stavanger, kunne ikkje snakke varmt nok om verdas matmekka, nemeleg San Sebastián og Barcelona. Ettersom Barcelona er eit populært reisemål for mange har San Sebastián vist seg for å vere ei ”skjult” perle.

I oktober baud sjansen meg, endeleg var det min tur til å besøke byen. Med eit stort engasjement kunne eg søke opp informasjon om kystbyens historie, vin og ikkje minst alt dei har å by på av matopplevingar. Ei eventyrleg reise stod for tur, og Michelin Guiden ga ikkje uttrykk for noko anna. Berre ei kort flyreise frå Oslo landa vi i nabobyen Bilbao. Bilbao har vore ein viktig hamneby med skipsverft, handel og jernindustri, men dei siste åra har byen blitt verdskjend for kunst og kultur. Ved ankomst på flyplassen møtte vi ei smilande baskisk dame. Langs vegen kunne ho berike oss med eit hav av informasjon. Auga hennar stråla etter å fortelje. I dei vakre omgivnadane vart vi riven med og ført nærmare byen vi så lenge har venta på.

Det er i løpet av dei siste åra at San Sebastián har blitt kjend som verdas beste matby. Menneske frå heile verda reiser nettopp hit for å oppleve den gastronomiske maten, enten på ein av dei mange Michelin restaurantane eller på baskisk vis. Kokkar frå heile verda kjem til byen for å dyrke kunnskap og omgås blant dei beste. Lenge har Frankrike vore landet for matens kunst og inspirasjon, men no er det Spania som er i toppen. Miljøet og kokkane gir inspirasjon til fleire generasjonar med innovativ og nyskapande matlaging. San Sebastián har fleire Michelin-stjerner per innbyggjar enn nokon andre stader i verda, som til dømes den eksperimentelle restauranten Mugartiz, Arzak, Martin Berasategui og Akelarre. Vi fekk gleda av å nyte ein heilaften på den sist nemnde.

141018-004-1024x680.jpg

Stjernerestaurantane er fabelaktige og byr på ei oppleving etter nye dimensjonar. Alt er gjennomført og organisert. Dei ansatte har ei ekstrem ro med ei unik evne til å halde orden og geleide gjestene gjennom eit fabelaktig måltid. I tillegg sit dei på eksepsjonell erfaring og kunnskap. Ved eit besøk vil eg anbefale deg å sette av god tid, og nyte ei eventyrlege matreise.

Det er mogleg å smake på den fabelaktige maten på ein morosam og mindre kostbar måte. Gjer som dei lokale og smak maten på baskiske vis. I dei mange gatene er det eit endelaus antall av småbarar, alle barane tilbaud pintxos som er baskisk taps. Bitane er noko større enn det vi kjenner frå tapas i Noreg, men det gir likevel rom for å ete fleire bitar. Vanlegvis er dei å få til eit par euro stykke. Langs gatene står lokalbefolkninga. Daglege møter dei venner og nyt ein pintxos. Metoden er å velje barens beste bit, gjerne saman med den lokale vinen, Txakoli. Atmosfæren er varm og byr på engasjerande tonar. Langs baren set opphaldet prikken over i`en ved å skjenke den lokale vinen med ein armlengdes avstand til eit vanleg glas som ein nyttar for vatn.

I vakre omgivnadar ligg den sjarmerande kystbyen nord i Spania. Ei bukt like ved Atlanterhavet med berre eit steinkast unna grensa til Frankrike. Rundt oss er vi omgitt av frodige fjell og sterke krefter frå havet. Er du ein av dei som ønskjer ei langhelga med eleville eventyr, har byen alt å by på. Det er vel ikkje rart forfattaren Ernest Hemingway likte seg godt her?!

141018-266-1024x459.jpg

Kva er det ikkje å like med byen? Ingenting vel eg å tru. Som mat- og vinelskar er det få argument å finne. Dagane i den nordlege delen av Spania baud på eit nytt eventyr. Ufatteleg dyktig guide i San Sebastián og ein ønolog i Rioja hadde ei unik evne til å vise områda frå det beste dei har å tilby. I korte trekk kan du under lese om kva vi gjorde her.

  • Gastronomisk mat på baskisk vis Byen er sjarmerande og byr på mange smågater. I motsetning til Noreg vil ein finne masse folk i gatene til alle tider av døgnet og der dei nyt gastronomisk mat på enkelt vis.
  • Restaurant Akalarre *** Eit ellevilt besøk på den anerkjende 3-stjernes Michelin Restauranten Akelarre stod for tur. Kjøkkensjef Pedro Subijana har drive restauranten i 35 år. Høgt over Biscayabukta har restauranten plassert seg med ei fantastisk utsikt. Kvelden baud på ei unik oppleving på gastronomisk kunst og fantastisk smak i stilfulle omgivnader. Den inspirerande kjøkkensjefen Pedro Subijana baud oss inn på kjøkkenet, der vi fekk sjå korleis teamet på kjøkkenet arbeida. Eit fantastisk måltid fekk vi smake her.
  • Vinområdet Rioja Ein liten biltur frå San Sebastián køyrde vi vidare til vinområdet Rioja. Vi besøkte den store produsenten Vivanco. Ikkje nok med å vere den største produsenten i området, kan produsenten også tilby eit enormt museum om vinens historie. Over fleire år har dei samla inn utstyr, videoar, teikningar og så mykje meir. Det er absolutt vert eit besøk!
  • Restaurant Venta Moncavillo * I ein liten landsby på 24 innbyggjera kom vi forbi Restaurant Vente Mocavillo. Restauranten blir drive av to engasjerte brødre som gjerne vil leve ut draumen sin, men som ikkje ønskjer å endra på levesette. Lite viste vi at besøket skulle by på det beste måltida eg har smakt.
  • Byen Logroño Nordvest i Rioja besøkte vi byen Logrono. Byen baud på nye opplevingar og eventyr. Kreativ blindsmaking, folkefylte gate sjølv i oktober og atter ei magisk matoppleving. Byen hadde fleire stader der dei tilbaud sin spesialitet og berre den. Då vi var ferdig med pintxos kasta vi servietten på bakken og gjekk vidare for neste smak. Ei spennande smaking mellom artige spesialitetar og enkel vin.
  • Baskisk vin, Txakoli Som tidlegare nemnt kan ein nyte den lokale baskiske kvitvinen som har hint av bobler i seg. Vi besøke Talai Berri der vi fekk sjå korleis framstillinga av Txakoli gjekk for seg. Eit steinkast frå havet, plassert i eit område av dalar fekk vi møte familien som har drive vinproduksjonen i 5-generasjonar. I fantastiske omgivnader fekk vi nyte og utvide kunnskapen om vin, Txakoli!

Dei få dagane på tur baud på enormt mange inntrykk, himmelske smakar og ei rik kultur. Opphaldet gav meirsmak og eg kan ikkje vente til å tilbringe meir tid i dette fantastiske området. Eg vil så gjerne formidle og fortelje mest mogleg frå denne turen, men dette må skje over fleire innlegget grunna mi begeistring.