Rosé: Å tvihalde på sommaren

Er det innafor å tvihalde på sommaren? Så absolutt! 

Solstrålar har det ikkje akkurat vore flust av i sommar, men når sola fyrst gløttar fram gjeld det å nyte det til det fulle.  

Når ein skal slå til og nyte ei stund i varmt vêr, kva vil ein ha? Veldig ofte er svaret rosé. Ikkje berre er det saftig, ukomplisert og godt, men også, for mange, den klare definisjonen på sommar. På alle mogleg måtar er det korrekt.  

I Noreg kan vi velje mellom 528 forskjellige rosévinar på Vinmonopolet. Variasjonen er stor kva angår sødme, syre, frukt, struktur og bruksområde. Der finnast noko for alle dersom ein er interessert.  

Sjølv om eg sjeldan kjøper rosévin har eg likevel ei rekke favorittar som eg set ekstra pris på, men det er ikkje dei eg skal fortelje om i dag.  

Ei ny oppleving og overrasking eg faktisk av rosévinen frå Provence laga frå slottet til Angelina Jolie og Brad Pitt. Vinen går under namnet Ch. Miraval Rosé.  

Flaska har fanga mi oppmerksomheit ei rekke gonger, men med viten om at dette er ”kjendisane sin vin” trekk eg meg unna og finn heller noko anna. Personar som bruker sitt namn på å lage noko dei ikkje har kunnskap om, men som gjerne vil generere meirsal pga namnet er noko eg ikkje er spesielt tilhengar av.  

MEN når eg fyrst blir servert roséen kan eg heller ikkje takke nei eller seie at eg ikkje er nyfiken. For det er eg så absolutt.  

Det overraska meg kor delikat frukta i vinen var og kor tiltalande syra var. Med lett saftig vin, og ikkje for lang på smak, er denne roséen lett å like og lett å drikke. Ikkje rart mange er tilhengjarar!  

Som delvis skada frå NHH eller ytterst oppteken av pris samanlikna med innhald er det ei stor overrasking for meg når det kjem til prisinga av flaska. Ch. Miravel er tilgjengeleg på vinmonopolet til vel 200 kr, medan den på taxfreen ligg til vel 120 kr.  

Mange vil gjerne seie at der er eit kupp på tax freen? 

Eg er heilt einig, den er faktisk eit kupp. Dersom eg måtte den på Vinmonopolet finn eg derimot heller andre alternativ.  

Vinmakaren bak vinene er den same som har lagde vinen Eyvind Hellstrøm. Sjølv om dette er ein vin av Brangelia har dei likevel ikkje marknadsført det, men heller brukt slottet sitt namn. Det gir vinen moglegheit til å stå på eigne bein, snakke sjølv og vise sitt potensial.  

Rosévinen vert laga på druene cinsault, grenache, syrah og rolle frå gamle vinmarker. Når du opnar flaska kan du nyte den tiltalande lufta av blomar, sitrus og raude bær. I munnen er den frisk, har god syre med middels lengde og ein delikat, saftig smak.   

Sanninga er at roséen er absolutt eit kupp på Tax Freen. Det betyr ikkje at du heller bør velje denne framfor noko anna, men at sett innhaldet i forhold til pris er den klart eit godt alternativ. Å kjøpe vinen til 200 kr på vinmonopolet vil eg nok påstå at den ikkje er verd, då er det ei rekke andre val eg heller ville ha gått for.  

Kva enn du vel å gjere,- nyt solstrålene som kjem, og då gjerne med ei flaske rosévin i godt lag.