Mat, VinAnniken England

Risotto Milanese

Mat, VinAnniken England
Risotto Milanese

Kva med ein enkel, smaksrik rett med eit snev luksus? Då vil eg anbefale Risotto Milanese.

Det er mange rettar der ute som verken er tidkrevjande eller vanskelege, men som likevel kan by på noko lite ekstra smaksmessig. Av og til må ein berre gå litt utanfor dei vanlege ”vala” og prøve noko nytt. Mest sannsynleg lykkast ein ikkje heilt fyrste gongen, men prøv eit par gonger til, så vert det snart suksess.

Det er ein enkel risotto som du kokar inn med kvitvin, og med litt safran i får du den ekstra touchen av luksus. Server den gjerne som forrett eller som ein siderett.

Ingrediensar til 4 personar: 

  • 1 glas kvitvin (vel 2 dl)
  • 1 stk. grønsaksbuljong
  • 4 dl vatn
  • Parmesan
  • ½ Løk
  • 2 ss Olje
  • 2-3 klype safran
  • 2 ½ dl risottoris
  • Salt og pepar

Framgangsmåte:

  1. Fres ½ løk med 2 ss olje, til løken vert blank.
  1. Ha i 2 ½ del ris og steik vidare i nokre minuttar
  1. Hell eitt glas tørr kvitvin i blandinga, og lat den trekke nesten heilt inn i risen for å få mest mogleg smak.
  1. Kok opp 4 dl grønsaksbuljong, spe risen med 2 dl buljong av gongen og lat koke under omrøring.
  1. Mot slutten har du i vel 2-3 klyper safran.
  1. For meir smak, ha i ønska mengde med riven parmesan.

Drikk gjerne noko som har litt sødme, god friskheit og som handterer fylden i retten. Ein Cava eller Champagne er slett inga dum idé å servere til.

Om du ikkje har prøv Risotto Milanese er tida inne. Det er den ypparlege retten som er enkel, smaksrik og med eit snev luksus.

AnnikenEngland-114-683x1024.jpg