Riesling

Kjenner du til drua Riesling?

For mange går tanken direkte til ungdomstida, eller kanskje du er ein av dei som har funne ei ny kjærleik til kategorien for eksepsjonelle kvalitetsvinen? I mitt tilfelle er svaret ja, og ja. Utan ein tanke er eg mest tilfreds med eksepsjonell kvalitetsvin, og det er den som kjem til å vare livet ut!

Riesling er kvalitetsdrue nummer ein i Tyskland. Den står bak dei mange store vinane frå blant anna Mosel, Nahe, Pfalz, Mittelrhein, Rheingau og Rheinhesse, men ein kan også finne drua i andre områder som den gir svært god kvalitet. Generelt modnast Risling tideleg i forhold til dei fleste internasjonale variantar, men samanliknar ein den med dei andre tyske kryssingane modnast den seint. Vingårdar på den nordlige halvkula vil ein finne tilfelle som ein haustar drua i midten av oktober eller byrjinga av november. Nokre gonger kan ein også plukke dei inn seinare. I varmare klima vil drua sjølvsagt modnas tidlegare. Fordelen med den lange modningsprosessen som ein finn i kjøligare områder er at Riesling best klarar å trekke ut maksimal smak og ekstrakt, i kombinasjonen med å halde på syra.

4321761164_88530b4965_b.jpg

Drua er truleg verdas mest undervurderte i dag. Historia bekrefte at verdien av tysk Riesling hadde ei høgare pris enn dei beste Bordeauxane. Den magiske kombinasjonen av syre, aroma og konsentrasjon har gitt desse vinane ein eigenskap til å utvikle seg i flaska over fleire tiår uavhengig av alkoholstyrke og det resterande sukkerinnhaldet. Toppvinane av riesling har ein eksepsjonell haldbarheit.

Vi kan samanlikne nivået til ein Riesling med Chardonnay, men den er mindre utbredt sidan den har ei mindre klimatisk tilpassing. I tillegg har den eit høgt syreinnhald som gjer den mindre enkel å forholdet seg til blant den uerfarne vindrikkar. Typisk aroma er eple, blomar, sitrusfrukter, fersken og mineralar. Drua har ei unik eigenskap i å overføre eigenskapane til ein vingård utan å myste Rieslinga si eiga stil. Likevel har det ikkje alltid vore like lett for drua. I ein periode då eik var på mote måtte ein gå den harde vegen og lære at Riesling var ingen venn av barriquen.

Vi kan finne Riesling innan alle nivå av sødme. Drua har ein eigenskapen som gir den høg syre. Kombinasjonen med sødmen av ulik grad, gjer riesling svært tiltalande til å drikke aleine eller til mat, og gjerne ulike rettar. Dei kompakte små buntane med druer gjer det relativt mogleg for botrytis å inntreffe. Angripe av botrytis ligg bak dei søte vinane. Det kalde klimaet kan gi den søte spesialiteten Eiswein eller isvin, eller ein botrytized Beerenauslese og Trockenbeerenauslese.

5042166307_0a319eaa72_b.jpg

Om du har dårleg minne av Riesling eller er skeptisk til søte vinar, vil eg anbefale deg å prøve ei betre utgåve av det drua har å by på. Som dessertvin vil ei ny oppleving nå deg om du tør å prøve. Kombinasjonen er enorm, smaksløkane får verkeleg teste seg og harmonien vil ikkje likne noko du har prøvd før. Opplevinga er magisk!