Restaurant Venta Moncalvillo *

I ei bygd i vinområdet Rioja skinner sola på den dyrka mark, og det er eit par folk å sjå langs vegen. Det er ei spesiell ro.

I ein djup sving vert farten senka og vi parkera like ved vegen. På eit sjarmerande skilt står det ”Restaurant” og på huset står det skrive Venta Moncalvillo. "Her skal vi ete lunsj", seier vinguiden José.

I bygda på 24 innbyggjara driv to brødre restauranten. Den eine broren er kokk, medan den andre er vinkelnar. Med eit glimt i auga ønska dei oss velkommen. Vi var ikkje meir enn innanfor døra før vi vart geleida ned i vinkjellaren. Invitasjonen er som ein stadfesta venneforespørsel på Facebook. I kjellaren har dei ein vegg fylt av kjende produsentar frå hovudsakleg Europa. Fleire av mine favorittar er å sjå. Eg ser på enkelte flasker og mimrar i mitt stille sinn sist eg drakk dei. Stunder som desse får meg til å smile. Resten av kjellaren består hovudsakeleg av vin frå Spania, og sjølvsagt Rioja. Nokre produsentar kan eg kjenne att, mens andre har eg ikkje høyrt om. Årgangane går langt tilbake, dette er til å grine av. For ei samling!

141018-320-1024x680.jpg

Det er ei eiga stemning å vere i ein vinkjellar, ei form for meditasjon. Her kan ein verkeleg slappe av. I all beundring og lykke, kjem den andre broren ned med to apetittvekkara. I ført kokkeklea vil han gjerne by på det beste dei har, laks. Nordmenn flest er bortskjemt når det kjem til laks, og med norske røter er vi stolte over den gode smaken som smakar ekstra godt her. I glaset får vi ein frisk kvitvin frå Rioja av Vina Tobia. Omgitt av vinraude veggar set vi oss ned langs eit rundt bord i restauranten. Lidenskapen, gleda ovanfor mat og vin strålar hjå begge brødrene. Restauranten hamna naturleg her for at dei begge kunne ha det livet som dei ønska. Han fortel om moglegheitane for å starte opp i New York, men det var ikkje så viktig for dei. Lidenskapen kunne dei dyrka her, og i tillegg kunne dei halde fram med livsstilen dei ønska.

DSC_2106-1024x685.jpg

”Eg er glad for at eg blir behandla som ein vanleg mann i gata,” vart uttalt av en kjendis som besøkte Restaurant Venta Moncalvillo.

Guiden sa kort kva som vart anbefalt og spente som vi var nikka vi oss einige. Kort tid etter kom det forskjellige ting på bordet. Forventningsfult smilte vi då vi kunne sjå att ein ost ble servert. I det vi sat tennene i det vi trudde var ost, vart det skurr på linja mellom innstillinga og smaken i munne. Retten bestod av torsk som var dekt med ”etande aliminiumsfolie”. Intensjonen deira var å gjere oss bevist på korleis vi kan innstille hjernen vår og gjere den bevist på kva vi ”skal” smake. Derfor er det viktig å halde sanseapparatet aktivt og kjenne etter aroma retten har å by på.

DSC_2117-1024x685.jpg

Stor fascinasjon for kreativiteten og bodskapen ved fyrste smakebit, vakna sanseapparatet. Som hjå andre restaurantar kan ein sitte i mange timar, berike smaksløkane med ein liten porsjon eller to. Måltidet vårt haldt fram i same stilen.

På ei treplate var tre nye smakar introdusert. Det var fyrst her dei verkeleg vekka interessa mi. Den fyrste bestod av eit eggeskal som var fylt med soppespuma. For å få denne magiske soppesmuaen som er krema, luftig og har ein konsistens som kan minne om eggedosis vert det nytta ei espumaflaske som gir den perfekte konsistensen. Rik på aroma fyller espumaen munnen med jordlege aroma i ein krema og luftig stil. Det er rett og slett fabelaktig. Deretter kjem det ein smakebit av pâté, og til slutt tørka eple som gir ei søt aroma fult med min elskverdige foie gras. Allereie no er eg i himmelen. Kvar skal dette ende? Vi har jo nett begynt.

Ein ny vin vert skjenka, denne gongen står vi framfor ein rosé laga på 90% raud Granacha og 10% Viura frå vinmarka i Badarán i Navarra av Martinez Alesanco. Til vinen skal ein kombinere ein delikat, frisk og sommarsleg rett. Utføringa av retten er så flott at det er vanskeleg å gå laus. Den består av tunfisk tomat, ein isost, og olje som er forma som ein drope og ved eit tygg rommast munnen med den fabelaktige olivendråpen, og smaksrik soltørka tomat. Magisk!

Nytt glas, ny vin. Denne gongen blir det servert ein kvitvin frå produsenten Livius i Rioja. Laga på 70% Viura og 30% Malvasia som har fått ei periode på eik. Fargen er gul, og går i retning mot gull. Assosiasjon får meg til å tenke på sherry med aroma av nøtter, oksidasjon, eik, men i tillegg frukt av aprikos. Tallerken består av hagens omnsbakte delikatesser. Igjen forbausar dei meg og byr på ei ny vri innan kombinasjonar.

Neste rett ble truleg min favoritt. Omnsbakt paprika, eit blautkort eggeplomme, stang av brioche toppa med kantarell. Heile munnen vert fylt av ubeskriveleg behageleg kjensle av gode aroma, og er den rette definisjonen på umami. I glaset kombinera dei retten med Sierra Cantabria Crianza 2010 frå Rioja. Ein vin med flotte tanninar og tonar av jordbær. Heilt fenomenalt.

Har du smakt ”cocochas”? Ikkje fortvil om det ikkje gir meining, sjølv kan eg innrømme at det ikkje gav meining sjølv då det vart servert framfor meg. ”Cocochas” er den nederste delen av haka på fisken, men som i vårt tilfelle var torsk. Det er plassert to på kvar tallerken. Dei er rike på smak som truleg skuldast innhaldet av fett. Sjølv kor uvanleg dette er, er det likevel ubeskriveleg godt. I glaset får vi raudvin frå Rioja laga på 100% Graciano. Vinen byr på raude bær mot kirsebær, bringbær med ein syrleg vri.

Raudt kjøt vert så servert. I glaset kjem ein kjent produsent som eg har smakt mykje av før; Lan med sin 2005 Gand Reserva vert glaset fylt. Med litt alder har dei harde tanninane blitt litt rundare. Resultatet var klare aroma av mørke bær. På tallerken ligg ryggen av lam. Kjøtet er perfekt stekt og har ein mørk søtleg saus.

Magen har for lengst sagt seg fornøgd, men alle har vel ein ekstra mage for dessert? I glaset avsluttar vi med dessertvin av Melante Colección laga på 100% Muscat. Aroma av marmelade som går i retninga av aprikos med nøtter, smør, ananas og jasmin. Desserten kan minnast om arme riddare, men med ei luftigare, krema innhald som var karmalisert i kombinasjon med ekte vaniljeiskrem. Eg er rett og slett målaus. Brødrene er utan tvil dyktige, og måltidet er truleg det beste eg nokon gong har smakt!

Lite kan gjere meg gladare enn ei oppleving som denne. Vi takkar med dei flottaste orda vi kan finne, men når dei heilt opp? Truleg ikkje! I tillegg vert vi ført ut til grønsakshagen der alt av urt, grønsaker og frukt er å finne. Her prøver dei å vere sjølvforsynt med friske og kortrteiste råvarer.

I etterkant er det komisk å tenke på augnablikken då ein steig ut av bilen. Lite fortalde meg at vi stod framfor eit godt måltid på ein 1 stjernes Michelin restaurant. Overlegent elegant, harmonisk profesjonelt og så enkelt har dei gjennomført måltid. Kombinasjonane, kreativitet og utførelsen har eg aldri sett lik. I glaset var det fleire morosame kombinasjonar eg ikkje ville ha satt saman, men dei overbeviste gang på gang at dei kunne sakene sine.

141018-340-1024x680.jpg

Gå ikkje glipp av restauranten om du er i området!