Reisetips

Reisetips

Reisetips til deg som ynskjer å reise lett, samt få med deg vin frå det store utlandet: Pakk med deg ein trillekoffert du kan reise med som handbagasje.

I den pakkar du med deg ein bag og bestiller innsjekka bagasje til returreisa. Spesielt for helgetur er dette genialt. Attpåtil kan du ha med seks flasker vin tilbake til Noreg, så lenge du ikkje skal kjøpe med tobakk. Ved tobakk i tillegg må du redusere vinmengda til fire flasker.

Om du tilfeldigvis kjem over fleire flasker du gjerne vil ha med tilbake til Noreg er det heller inga fare. Dei ekstra flaskene kan du nemleg fortolle på ein automat etter at du har plukka opp bagasjen.

Vipps – du har ekstra godbitar med tilbake til Noreg.