Reisebrev: På kanten i Barcelona

Reisebrev: På kanten i Barcelona

Ein kort togtur frå Madrid var Barcelona neste stoppestad.

Her venta ei veka med nye impulsar. Det einaste som var planlagt var tre besøk: vinprodusentane Alta Alella og Colet, samt ølprodusenten Cervesa del Montseny (som kjem på polet i november). Framfor å følgje ein fullbooka plan, er ofte det beste å tussle rundt og spørre dei lokale i håpet om å få dei beste tipsa.

Kort oppsummert: Eg vart hekta på Barcelona! Her kjem ein smakebit.

Barcelona er ikkje vinregionen, men omgitt av dei. Eit steinkast nord for byen finner du Alella og sør finner ein Penedès. Attpåtil med kystlinja mot Middelhavet er byen omgitt av gode råvarer og desse nyttar dei godt. Interesse for vin og mat er difor stor. Eg skulle så gjerne nå over alt, men det til tross for innsatsen gjekk det ikkje. Eg kjem tilbake.

Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens.
Bildet er henta på Flickr og har ei Creative Commons-lisens.

Vin er heilt essensielt på tur. Det er nødvendigvis ikkje frå øverste hylle ein alltid skal velje, men få eit innblikk av spennvidda. Ved å auke forståinga for vinvariasjonen i området handlar det om å smake masse, det er vel ikkje feil når ein er på tur?! Fyrst og fremst nokre vinopplevingar du gjerne vil vite om

  • Monvinic – Vinbaren har eit stort utval av vinar, det er ikkje rart dei vart stemt til ein av dei beste vinbarane av Food & Wine Magazine.
  • Sexy Wines – Vinbutikk der du kan prøve ulike vinar på glas. Dyktige fagpersonar som vil informere deg om forskjellane i områda, druetypane og meir.
  • Vila Viniteca – Vinbutikk med ein kjellar beståande av over 6000 flasker av internasjonal vin.
  • Bar Brutal – Naturleg-, biodynamisk og økologisk vin. Les om mi oppleving under.
  • Sortidors del Parlament – Restaurant med godt vinutval på glas og flaske. Piiist, her kan ein ta med seg ønska vin frå ein vinbutikk og betale ”korkavgift” på 4 euro.
  • Celler Florida – Populært - et tapas og nyt vin frå eikefat.
  • Moritz Wine Bar – Tradisjonell katalansk vinbar. Her drikker du vin etter vekt. Spesielt, men samtidig artig !
  • Viblioteca - Stilfull restaurant. Prøv gjerne ein av dei mange ostane og med anbefalt vin til.
  • La Vinya del Senyor – Sit ute, nyt vin frå ei god vinliste.
  • D VI – Ein bar med godt utval av lokale produsentar, i tillegg kan ein kjøpe vin frå vinbutikken.
  • L`Anima del Vi – Bra vinbar.

Desse fekk vi dessverre ikkje prøvd ut ettersom gatefest i Barcelona tok hardt på. Les gjerne meir om omtalen som DN har skreve om her for nokre av vinbarane.

Meir om vinopplevinga: Bar Brutal stiller med naturvin, økologisk mat, ok service og kult atmosfære. Til deg som er nyfiken, gira på noko nytt og klar for å tøye grensene – denne vinbaren kan å strekke strikken. I 2013 opna Bar Brutal og reisa har nok vore innhaldsrik for opphavarane. DN skreiv nyleg om karane som brukte opp pengane sine på vin, men ikkje fekk kundar. Løysinga deira vart å opne flaskene og drikke – dei vart ein attraksjon for forbigåande. Mykje har skjedd sidan den gong, og i dag er vinbaren svært populær. Etter ein kjekk kveld på Bar Brutal er det lite som kan minne om tomme rom.

Interessa for naturvin, fri vin (kjært barn har mange namn) får ein snuse på Bar Brutal. Men dette er ikkje for alle. For mange vil vinen vere framand og ikkje det ein forventa, men har du smakt ein heil del og er gira – køyr pao! Poenget på Bar Brutal er at dei ynskjer berre å servere vin som smaker av drua, derav skal vinen vere utan kjemisk tilsetting verken i vinmarka eller kjellaren. Samstundes kan du oppleve at vinen smakar noko heilt anna. Alt avhenger av kor radikalt ditt behov er, grensa går i begge retningar. Blant folk flest har interessa og oppmerksamheita for innhaldet i vinen og mat auka, derav fenger denne plassen mange.

Lokalt var fylt av menneske då vi stumpa innom. Min fyrste tanke er ”no får vi ikkje plass”. Fire vinglade damer på tur er behovet etter noko nytt og spennande i søkelyset. I tillegg var ynskjet etter å prøve Bar Brutal der. Til slutt fekk vi tildelt eit lite rundt bord i midten av lokalet – perfekt. Bak oss står tomme flasker med gode produsentar, ein kan bli tørst av mindre. Vinkartet har eit godt utval, men ettersom Cataluña inneheld 11 forskjellige Denominación de Origen (som det heiter på katalansk), er det all grunn til å halde seg her framfor å smake på vin frå resten av verda.

Smaken av det naturlege.
Smaken av det naturlege.

Den argentinske servitøren vår var ivrig, entusiastisk og dyktig på området. Kunnskap er makt (også i vinens verden) og bastante poeng vert ofte høyrt. ”Popp…” så hadde servitøren opna ein av hennas favorittar i håp om å få servert oss noko vin og springe vidare. Valet hennas var etter vår preferanse enkelt og ikkje det vi var ute etter. Maska hennas sank eit par hakk i det den franske Lori uttrykte at ”meir power” var det vi trengte. Etter ein runde kom ho tilbake med tre forskjellige kvitvinar, kvar og ein med sitt særpreg. Denne gongen introduserte ho oss ivrig til bondens filosofien, innhald, produksjon og kom verkeleg med godsaker. Fyrste valet hamna på produsenten Clos Lentiscus på drua xarel-lo frå Penedès. Med bra ”power”, fylde og nydeleg konsentrasjon var vi i himmelen. Deretter vart store deler av menyen smakt, samt fleire flasker. Kveldens kulaste matoppleving var kylling ceviche som eg må prøve meg på ein dag. Kanskje stumpar det inn ein meny på Druefin…

Kort oppsummert kan vinbaren så absolutt anbefalast. Naturvinen er knasandes bra, maten strålande og servicen ok (her har dei ein jobb å gjere).

”Hemmeleg” Cocktail Bar. I lovnaden om gode og spanande drinkar besøkte vi Pastrami Bar. Langs gata ser du i eit gatekjøkken med ei døra til frysane ved sidan av. ”Dunk” og du er inne. Lokalet er mørkt og stilfulgt med bølgjete treflater på veggane. Baren lyser opp med bartendarar som leikar seg – leikeplassen for vaksne vil mange sei. Innhaldet i menyen er lukrativt og innhaldet meget bra. Det er ikkje problem å bli sittande og smake litt for mykje frå menyen. Prisane er like som i Noreg, men med innhaldet og ”arbeidet” bak betalar ein gjerne.

Smaken på livet. Vidare er det luksus å gå på marknad for å smake meir på råvarene lokalbefolkninga tilbyr. Hjå matmarknaden La Boqueria finner ein fleire forhandlarar med gode råvarer og lokale produkt. Ettersom dette ligger like ved hovudgata bognar det over av turistar og folk. Ro ned nervene, pust, smil og smak. Dei fleste lokale i Barcelona har eit anna marknad dei heller besøker, diverre kom vi for seint hit, men prøve gjerne Mercat de Santa Caterina.

Tapas finner ein over heile byen, det kryr av koslege kafear og restaurantar. I området Barri Gotic er det små gater med sjarm. Eg testa ut fleire i området der maten generelt var smaksrik og god. Er du i området? Nyt og smak.

Etter ein dag på shopping besøkte vi restaurant La Pepita. Heile måltidet var ikkje strålande, men det som verkeleg utmerka seg var ansjos med ei karmalisert krem og ein krema gazpacho med avokado. Sjølv om menyen kan freiste med mykje godt, hald deg til det spanske – det er dei best på. Ansjos med karmalisert krem var ikkje ein kombinasjon eg hadde plukka ut, men det søte saman med det salte – moah det var strålande! Gazpacho er ei kald suppe som smakar friskt av alle grønsakene som er i. Til motsetning av tidelegare opplevingar var denne krema, perfekt syrlegheit og avokado. Tilfeldige høgdar.

Kultur har mange andlet. Tilfeldigvis kom vi over Brunch in the Park som haldt til ved utsiktsplassen og parken Jardin de Joan Brossa. Til motsetning av norsk stil, var festivalen tilpassa folk i alle aldera. Vi fekk difor leike oss med rokkeringar, tilgangen til badehoppeslotten (om lysten hadde vore stor nok), ete svært god vegitar mat og ikkje minst nyte musikken til ei mugg med sangeria/mojitos. Søndagen fekk så innhald i flotte omgivelsar.

I desse dagar feira også Barcelona dei mange delane av landet og kulturen i gatene. Utruleg nok var store delar av gatene stengt og fylt med mat, musikk og menneske som dansa. Fest i gatene for store, små, eldre og besøkande var verkeleg moro. Det er ein kultur vi har masse å lære av.

I løpet av dei neste dagane delar eg frå produsentane Alta Alella, Cervesa del Montseny og Colet.

Vakker utsikt frå dei øverste vinmarkane hjå produsenten Alta Alella.
Vakker utsikt frå dei øverste vinmarkane hjå produsenten Alta Alella.