Reisebrev: Ein pause i Madrid

Hovudstaden i Spania har fleire barar per innbyggjar enn eit anna land i Europa, det vil altså sei at byen har ein bar eller restaurant for kvar 192 innbyggjar – unikt!

Det betyr at dei kan tilby eit mangfald av alternativ frå heile verda. Etter eit opphald i Madrid gjorde eg verkeleg ein innsats for å prøve det meste. Dette er resultatet!

For eit par år sidan var eg heldig som fekk besøke Baskerland, rettare sagt den gastronomiske byen San Sebastian. Den frodige naturen med havet som piska inn mot kysten var lite som minna meg om ”sydenlandet Spania”. Med ei kjærleik for mat og vakker natur opna det auga mine for kva landet har å by på. Ikkje berre med dei utallege stjernerestaurantane i San Sebastian imponerte, men også dei enkle, små og billigare gastronomiske matopplevinga barane tilbaud. Råvarane får snakke sitt språk utan for mange andre element.

For spanjolane er det vanleg med ein matbit ute i gatene på ettermiddagen, det er ikkje snakk om mange glas vin eller rettar, men heller ein god samtale med noko å tygge på ved sidan av. Personleg er eg stor tilhengjar av akkurat denne delen av kulturen, men blant nordmenn er det vanskeleg å gjennomføre ettersom vi har eit anna forhold til mengda som vert konsumert (sjølv om vi sakte, men sikkert vert betre).

Solkysten langs Middelhavet har for meg (og truleg mange andre) vore svaret på Spania. Late dagar i sola der området er tilrettelagt for turistar. Om du er nyfiken på å utvide horisonten din har Spania så mykje meir å tilby, noko som er ekte. Majoriteten bur der det er liv laga året rundt og der vil også kulturen blomstre. Under mitt opphald i Madrid fekk eg bu hjå to kompisar frå Baskerland ved Alto De Extremadura. Akkurat dette området er fattigare og ein får inntrykk av at arbeidsløysa pregar området, likevel fekk eg oppleve at det ikkje var manko på gode råvarer, snarare tvert imot. For spanjolane er mat, drikk og ein god samtale sjølve livet.

Etter ei alt for tideleg avreise frå Oslo (og med ein mellomlanding i Brussel) ankom eg Madrid. Millionbyen er stor, uoversikteleg, men det hjelper å orientere seg med dei mange områda. Som i store delar av resten av verda, er det enkelt å nytte seg av kollektivtransport, samstundes som byen er ” walkable”.

Sjølv om eg var trøytt i tryne ved ankomst, kunne eg ikkje raskt nok ta fatt på byen. Med ei veke disponibel var det inga tid å myste, og dette er resultatet – ENJOY!

Tapas er å finne i heile byen. Slå deg laus og prøv det kjende/ukjende. Dagens beste oppleving var i området La Latina. For mange er det tapas i Calle de la Cava Baja som felle mest i smak, men det skadar heller ikkje å gå vidare mot Plaza de la Puerta de Moros i La Latina.

Sannheita er at byen bognar over med mat. Med erfaringar frå andre stadar i verda er det få som kan tilbyr like mange kafear og restaurant med så mange alternativ innan gitt areal. I tillegg har den baskiske pintxos slått an i Madrid. Det er rett og slett ein delikatesse. Vanlegvis vert det servert i baren i den nordlege delen av Spania, og er spesielt populært i Navarra og Baskerland. Normalt vert det servert på brød med alt frå skaldyr til kjøt og i retninga av dessertar. Saman med deira lokale vin, txakoli, er måltidet komplett. Det som vert produsert av vinen txakoli vert i all hovudsak drukke i Baskerland eller solgt til USA. Medan eg naut måltidet i ei stikkgate i Madrid kom servitøren med ein vin nummer to til meg. Med stor glede var det produsenten, Talai Berri, som eg besøkte i 2014.

Pintxos
Pintxos

Matmarknaden er heilt rått! Fokuset er ekte, gode og friske råvarer. I Madrid har du fleire å velje mellom, ein av desse er San Miguel som er kjent for mange, spesielt for turistar. Ein går gjerne i kø noko som gjer opplevinga mindre sjarmerande, men utvalet er godt og ser ein vekk ifrå folket har dei mykje godt å by på. Gå gjerne for det kjende og trygge, eller prøv deg på ukjende stiar. Personleg overraska svart ris (arròs negre) og Vermut meg. Risen såg kjedeleg ut og ikkje tiltalande, men med spansk ”turguid” prøver ein det som er anbefalt. Sannheita er at risen var skikkeleg god. Retten er frå Valencia og Katalonia, og laga med blekksprut. På mange måtar kan retten minne om den populære paella.

På vinmonopolet kan du finne forskjellige Vermut, men nordmenn har på langt nær det same forholdet som spanjolane, eller den sørlege delen av Europa. Sterkvinen vert produsert i tre forskjellige variantar; tørr, halv søt eller søt. Samt at den er å finne i forskjellige land. Bruksområdet er gjerne som ein apéritif eller i avslutninga av eit måltid –ein drikker den gjerne aleine eller bruke vermut i ein drink.

Økologisk marknad finst det nok mange av, eg prøvde ut eit i Chueca som har fått svært god omtale. Området er roligare enn La Latina, men området tilbyr skikkeleg mat og tilbodet er stort. Det ber preg betre velstand og kresne kundar. Marknaden var innreia som ein bakgård med eit flott utval og moglegheita for å nyte råvarene der med ei enkle tilbereding. Ikkje akkurat eit ”must” på lista, men kjent om ein er i området.

Råvarer er generelt lett tilgjengeleg og BRA. Mitt inntrykk er at spanjolar går dagleg på butikken for å få fersk og friske råvarer. Personleg grøssar eg over handleturen ein gong i veka i Noreg, men truleg hadde gleda vore større med eit betre utval.

For dei mange spesialforretningane gir det grunnlag for å drive og stille med gode varer som blir solgt i Spania. I området eg budde var det ein stor flott matbutikk, men som berre hadde frosen fisk. I følgje mine venner var det krise og fortvilande spørte dei betjeniga om dei hadde noko på lager. Framfor at butikken skulle tilby alt, var den tilsette heller nøgd med å sei at i kjellaren var det eit marknad for både kjøt, fisk, frukt, skinke og meir. Med tilbodet matmarknaden hadde i kjellaren vart desse rettane tilberedt i heimen:

Fisk i kvitsaus – enkelt og så godt. Ein god slant med olje vart varma saman med chili og fersk korriander. Deretter vart kveitemjøl surra inn i oljen der vatn vart spedd til. Når ønska saus var oppnådd legger ein i fisken som får ei rask oppkok på begge sider. Framfor å ha poteter til, vart det heller naturleg å ha fersk bagett til. Ein frisk albariño var ikkje eit dumt val til måltidet.

Salat med store tomat – Finn store, friske og saftige tomat på marknaden. Skrell ønska mengde tomat. Del dei opp i passe bitar saman med løk og avokado. I vårt tilfelle toppa vi det med tunfisk, bra med olivenolje, balsámico og havsalt. Retten ser ikkje spesielt tiltalande ut, men smakte himmelsk.

img_8304
img_8304

Jamón de Iberico hjå den beste i byen. Om han ikkje er DEN beste, er han blant dei beste. Det er vanskeleg å ikkje synke ned i stolen og smile når eg teker på smaken. Eit besøk hjå Embutidos Eusebio er eit must ved Pacífico!

Nummer ein Jamón de I berico for meg hjå slaktaren Embutidos Eusebio.
Nummer ein Jamón de I berico for meg hjå slaktaren Embutidos Eusebio.

Ramen var ei tilfeldige matoppleving. Dårleg? Snarare tvert i mot. I distriktet Cortes finner ein truleg den beste ramen i Madrid. Det er ein japansk nudlesuppe som har sin opprinnelse frå Kina på 1600-talet. Normalt vert den svert med forskjelleg tilbehør og tek lang tid å tilberede. Og det er verkeleg verdt å smake.

img_8350
img_8350

I skrivande stund sit eg på toget frå Madrid til Barcelona. Der ventar fleire tilfeldige, men også planlagt besøk hjå produsentar, vinbarar og restaurantar. Ynskjer du tips eller inspirasjon er det berre å følgje med.