Raudvin til skrei?

”Berre det beste er godt nok” kanskje det var grunnen for at raudvin vart servert til skrei i fyrste omgang.

Truleg er skrei ein av verdas beste matfiskar som ein gjerne kan nyte aleine eller sette saman med forskjellig smaksrikt tilbehør for å oppnå ulike smakskombinasjonar.

Sesongen for skrei er snart på hell, då den ideelle tida er frå januar til april, men det er enno tid.

Fisken kan oppnå ei maksimal lengde opp til to meter og ei vekt på 60 kg. Du kan kontrollere om fisken er fersk ved å sjå at augo og skinnet er blankt. Ver også oppmerksam på at gjellene er raude og ikkje brune. Fisken skal vere stram, fin og kvit.

Skrei høyrer til torskefamilien og skil seg ut ved at den ”vandrar”. Fisken tilbringer mesteparten av livet i Barentshavet, der den får nok av næring. Skreien er ein rovfisk som livnærer seg på lodde, brisling og sild.

Når skreien vert kjønnsmoden byrjar den på si årlege gytevandring til den norske Atlanterhavskysten. Dette skjer tidleg på året, og det er då lofotfisket byrjar og vi er så heldige å ete denne godbiten,- ein tradisjon som har vart i over 1000 år.

På 1700-talet byrja ein å ferdast mellom dei ulike kontinenta, og byttehandling av varergjorde at ein fekk tak i nye produkt. Nordmenn stoppa også gjerne langst kysten av Frankrike på veg heim, og kunne soleis få tak i vin. Tilgangen på vinar frå Europa var på den tida begrensa, men i dei rette kretsane kunne ein få tak i Bordeaux frå Frankrike til skrei.

Raudvin til skrei er høgst passande. Ein står ovanfor ei rekke gode samansetningar mellom skrei og vin. Av raudvin vil ein helst finne noko som er ungt, saftig og med moderate tanninar. Alternativa er mange, deriblant vin laga på drua pinot noir, gamay, ein ung barbera frå Piemonte eller ein saftig portugisar.

Når det kjem til kvitvinar er det også mykje godt å finne. Ein set gjerne saman fisken med ein rik, feit og syrerik saus, som til dømes Beurre Blanc, Hollandaise eller Sandefjordsmør. Prøv gjerne ein eikelagra chardonnay . Den passar ypparleg, då den er rik på smak, feit i aroma og har flott syre og friskheit. Du vil gjerne oppleve at nokre av komponentane i vinen er å finne att i maten, noko som er veldig moro.

Om du heller vil servere fisken med rogn og lever treng du noko som kan reinse opp og vere friskt til retten. Gode alternativ vil her vere riesling eller ein spanande kvitvin frå nord i Portugal.

Nyt siste tida med skrei.