Raude, spanske godbitar

Kva assosierer du med spansk raudvin? Kanskje mykje varme, raude og mørke bær med innslag av eik og vaniljetonar? Rioja er truleg kongen av spansk vin, eller?

Det er ikkje rart at desse vinane har fanga merksemda vår, då det hovudsakleg er desse vinane som har vore tilgjengelege på den norske marknaden. Med sitt gode rykte har Rioja lenge vore ein av dei mest populære vinane frå Spania.

Vi har 6753 tilgjengelege raudvinar på vinmonopolet i Noreg. Spania er, med sine 742 vinar, det tredje største produsentlandet, og står for vel 10% av den norske raudvinsmarknaden. Den klare vinnaren er Italia med nesten 40% og Frankrike rett bak med litt over 30%.

Noko som er enda meir fascinerande er faktisk andelen spansk vin frå Rioja samanlikna med dei andre områda i Spania. Rioja er soleklar vinnar med ein marknadsandel på 30%, medan områda Catalonia og Castilla y León har begge rundt 16% kvar. Dei andre områda er fordelte på dei resterande 38%.

Sjølv om det er uhyre interessant med all informasjon ein kan hente ut frå statistikk og marknadsandelar, skal vi avslutte her.

Vi menneske har gjerne for vane å følgje straumen. Det betyr at dei som skrik høgast og er mest synlege vil nå ut til flest. Dei andre stakkarane blir diverre ståande på sidelinja fram til nokon gir dei ein sjanse og dreg dei opp og fram.

Når ein ser nærmare på spanske vinar, gjerne utanfor Rioja, finn ein også vinar som har mykje frukt og god syrlegheit. Dette er noko som absolutt kan falla i smak hjå den gjengse vindrikkar.

Ikkje berre passar vinane, frå andre stader til Rioja, betre til å nyte åleine, men skjønnheita er at ein kan også bruke dei innan fleire område, både til fisk, spekemat, ost og kjøt.

Det er ikkje slik at ein skal slutte å like dei kraftige, fyldige og gode vinane frå Rioja berre fordi det er meir ”mainstream”. Likevel vil eg som vanleg anbefale deg å prøve noko nytt, og sjå då gjerne på variasjonen Spania har å by på.

Det er altså vel verdt tida å sjå nærmare på saftige, friske og syrlege spanske vinar. Prøv gjerne vinkongen frå Rioja, men det finnast altså vel så mange godbitar frå dei mange andre områda. Vin laga på druene mencia, garnacha og tinta de toro er slett ikkje feil, dersom ein ynskjer å utvide den spanske vinkongefamilien.