Raude perler på ei snor

Raude perler på ei snor

Gira på noko nytt og spanande? Kan det smake med raud, rå perler som er attpåtil tørr? Eg har svaret! 

Med ingen unntak, eg er alltid lysten på noko nytt og gjerne av den sorten som kan overraske (både negativt og positivt). Om eg invitera folk vil eg gjerne finne noko som kan auke deira interesse på vin, kvifor? Vin er ikkje berre alkohol og drikke til festlegheiter, men fermentert druer som gir aroma. I tillegg er det moro å by på noko nytt, samt sette fokuset til gjestene på vinen.

Produsenten Alexander Pflüger er tredjegenerasjon vinmakar. Det var faren hans som var ein pioner innan økologisk jordbruk på 80-talet og seinare sertifisert frå 1989. Alt i 2007 vart dei sertifisert biodynamisk og tre år seinare tok sonen Alexander over drifta. Familiebedrifta gjorde ikkje eksport på denne tida, mens i dag eksportera bedrifta i hovudsak til Norge med heile 30 prosent. Om du har prøvd deg på deira kvitvin vil du forstå kor heldig vi er. Vinen er laga av 90 prosent Blaufränkisch og 10 prosent Merlot. Kanskje som ein kjekk tilleggsinformasjon, det er berre 1500 flasker i Noreg.

Du byrjar med å lukte. Her finner ein raude bær, både kirsebær, bringbær og overmodne jordbær. I munnen opnar vinen med noko krema, raudt med eit innslag av mineralitet, før den fyller munnen med raude bær som gir middel lang aroma.

DSC_3370
DSC_3370

Dette var absolutt godt og spanande. Til den nyfikne er det berre å slå seg laus!