Prosecco

Prosecco

Visste du at:

  • Prosecco er musserande vin frå Veneto i Italia.
  • Vinen vert laga på drua glera.
  • Den framstillast ved hjelp av tank-metoden.

Italiensk vin har vorte svært populært i Noreg dei siste åra, både kvit, raud og musserande. Kven har vel ikkje eit forhold til den musserande vinen Prosecco?

Kva som er akkurat årsaka til begeistringa veit eg ikkje, men som mange andre har eg  gjort meg nokre tankar. Har du tenkt på kvifor du føretrekk italienske vinar framfor vinar frå andre land?

Tidlegare i månaden har eg fortalt om korleis ein framstiller musserande vin ved hjelp av den tradisjonelle metoden. Me har også snakka om at dette er ein kostbar og tidkrevjande metode, og at difor ikkje alle kan nytte seg av den. Prosecco er eit av eksempla på at ein nyttar ein enklare metode, nemleg tank-metoden.

På lik linje med dei andre stilane, byrjar også framstillinga av Prosecco med å framstille ein basevin. Men, i staden for å la gjæringa føregå inne i kvar enkelt flaske, nyttar ein ein stor temperatur-kontrollert tank.

Dette betyr at ein kan kontrollere heile prosessen meir, som for eksempel med tanke på alkoholnivå. Når den ideelle alkoholprosenten er nådd kjøler ein ned heile tanken slik at gjæringa stoppar. Deretter filtrerast botnfallet vekk og ein tappar den ferdige vinen på flasker.

Mange steg har no allereie blitt unnagjort og tank-metoden er soleis mindre tidkrevjande.

Samanlikna med Crémant og Champagne er Prosecco ein enklare vin, med mindre bobler og varmare frukt. Eg synast den har ein tydeleg aroma av sitron og pære, og vinen er ofte meir sødmefull enn dei andre stilane. Generelt vil eg seia at den er ein plass mellom halvtørr til halvsøt, noko som betyr ei sødmegrad mellom 12-20 gram per liter.

Vinen er relativt ukomplisert med sitt lette, leskande vesen med milde bobler, og dette gjer vinen ideell som aperitiff, på terrassen eller til festlegheiter generelt.

For at italienarane skulle ha moglegheit til å beskytte sin musserande vin ynskte dei i 2009 å beskytte området sitt, slik som franskmennene har gjort med Champagne i mange år. Prosecco vart produsert på drua prosecco, og suksessen vart kopiert under same samn. Italienarane tok difor grep, og omdøypte drua til glera, for så å gi det ei klar geografisk avgrensing kvar ein kunne dyrke Prosecco. Det gjeld difor no det same som ein kjenner til med Champagne, at berre vin ifrå dette spesifikke området kan seljast under merkevarenamnet ”Prosecco”.

Når det kjem til mine tankar om kvifor Prosecco har vorte så populær på den norske marknaden dei seinare åra, kan ein nok ikkje sjå heilt vekk ifrå at vi menneske av og til er som sauer. Vi likar å fylgje straumen, og gjere det som er trygt, utan å tenkje meir over det på eiga hand. Men, ein kan nok ikkje bruke denne forklaringa åleine. Det faktum at Prosecco er ein enklare vin gjer også sitt for at den kan vera enklare å like. Den framstår som leskande, og er leikande og god i munnen.

Det at majoriteten likar Prosecco er det ingenting gale med, men eg trur mange vil ha glede av å prøve noko nytt. Ein skal difor ikkje slutte å nyte Prosecco, men ha i minne at det er andre kjekke bobler ein kan kombinere til mat og drikke aleine enn berre Prosecco.

Til rett tid og stund kan eg så absolutt nyte Prosecco, og det skal du også fortsette med, så skål!