Vinbonden Katharina Mowinckel

Bergen Vinfest 2017 er i gong, og som alltid er det duka for ei rekke strålande arrangement spekka med innflytelsesrike personar ein kan og bør møte.

Det er berre du som legg begrensingar for kor mykje du får ut av helga, og sjølv skulle eg så gjerne ha vore med på absolutt alt.   

Det er ikkje alle som er like interesserte i kunnskap om vin eller ynskjer å bli ein vinnerd. Dei vil heller nyte glaset i godt lag. Og veit du kva? Det er heilt innafor.  

Her i Bergen finn ein ei rekke dyktige restaurantørar og andre engasjerte personar som har tilpassa programmet til deg, anten du vil nerde, ete, drikke eller bli underhaldt med ein dose av alt.  

Les meir om programmet HER.  

Eg har vore så heldig som fekk møte bergensar Katharina Mowinckel, vinbonden som er å finne på Potetkjellaren i kveld, fredag 24.august. Der er det duka for ein mat- og vinkveld med bergensarjenta som dyrka sin eigen vin i Bergerac i Frankrike. Kjøkkensjefen på Potetkjellaren har laga ein 3-rettars meny i harmoni med vinane til Katharina.  

Book bord hjå Potetkjellaren i kveld.   

Om du skal delta på dette arrangementet eller om du er i tvil kva fredagen skal bringe ynskjer eg å gi deg eit innblikk i kven denne dama er.  

Kor mange nordmenn kjenner du som lagar vin? Og ikkje nok med at dei lagar vin, men som på kort tid har opparbeida seg respekt og gode anmeldelsar?  

Innflytelsesrike personar som torer å satse, unngår A4-malen og drøymer stort, beundrar eg. Dei lev gjerne litt i grenseland, og har pågangsmot og guts. Det er kvalitetar eg verdset høgt! Difor er det inga tvil om at Katharina vekkjer mi nysgjerrigheit.  

Katharina flytta til Frankrike i 1992 for å bli profesjonell sprangryttar, og lite visste ho den gong, at ti år seinare skulle ho byrje å dyrke sin eigen vin. Fem år fram i tid kjøpte foreldra hennas eit feriehus i Bergerac. Der hadde mora nokre ”pensjonerte” hestar. Attpåtil fekk dei høyre at naboen, som dreiv ein gamal vingard, ville selje.

Resultatet blei at hestane fekk betre beitemark og druene som var planta vart drivne av andre produsentar, men ikkje med stor hell.  

I utgangspunktet skulle Katharina byrje på utdanning, men i det ho byrja å trene unghesten til naboen før den vart seld, foreslo han at ho heller skulle byrje å produsere vin. Det var ikkje akkurat det Katharina i hadde tenkt, men saman med naboen som var lidenskapleg oppteken av plantene og produksjonen, byrja ho å produsere sin fyrste vin vel to år etter.   

Og det vart lys, nei, det vart vin..  

Det er vilje og tak i dama. Då ho konkluderte med at ho ikkje kunne bli verdsmestar som sprangryttar, kvifor ikkje gjere det utfordrande med å bli økologisk vinbonde i staden? Ho kunne sjølv fortelje om desperasjonen etter å finne ei ny lidenskap då hest hadde fylt livet hennar i veldig mange år.  

Vegen blir til medan ein går, og det er tilfeldigheitar som skapar stien. Gir det alltid meining? Slett ikkje, og betyr det noko? Absolutt ikkje!  

Hovudargumentet til Kathrine for å drive økologisk var i hovudsak fordi naboen dreiv økologisk. For det var på akkurat hans vinmark ho skulle begynne å lære, for så å finne sin eigen veg. Det resulterte i mykje jobb med hennar eiga vinmark, då denne tidlegare vart driven kommersielt.

Det var ikkje akkurat det enklaste utgansgpunktet Katharina hadde då vinmarka som var på eigendommen ikkje hadde blitt driven med same filosofi som ho sjølv ønska. Kvaliteten og druene nådde ikkje mål, difor var noko av det fyrste ho gjorde å plante nye stokkar. Totalt har det teke 15 år før ho i dag kan byrje å sjå resultatet etter å ha rive opp og planta nytt. No byrjar vinstokkane endeleg å bære frukter.

I 2003 var ho i gong med eiga vinproduksjon 

Pangstart vart det! Årgangen 2003 vart strålande og ho fekk mykje merksemd. Året etter var katastrofe, men etter det har gitt gode druer og derav gode vinar, nokre betre enn andre sjølvsagt.

I starten hadde ho to kvite vinar, men no har ho gått over til ein kvit, ein rosé og to raude vinar. Der vert kvitvinsdrua sauvignon blanc og semillon nytta, medan for dei raude er det merlot og cabernet franc. Kvifor akkurat desse druene? Det er inga tilfeldigheit, snarare nøye bestemt frå dei franske AOC som er ganske så strengt. I tillegg blir det spanande då neste års vin vil ha litt malbec i seg.  

Totalt produserer Katharina om lag 20.000 flasker vin per år på sine 6,2 ha. vinmark.  

Katharina har altså lokalisert seg sørvest i Frankrike i Bergerac som ligg i Bordeaux. Bergerac er eit AOC med ca. 12.800 ha vinmarker, av desse er 59% raudvin og resten fordelt mellom kvit- og rosévin.  

Kva med å teste ut vinane hennar?  

Du kan i så fall ta del i kvelden på Potetkjellaren eller rett og slett bestille frå Vinmonopolet. Det skal ikkje stå på tilbodet.  

P.S. Det anerkjende vinmagasinet Decanter har spådd at Katharina vil bli ein av dei store stjernene på vinfronten. Vi andre kan nyte hennas mange edle dråpar og følgje spent med. Og ikkje minst beundre den harde jobben og innsatsen ho har lagt ned.