Poeten som reisekompanjong

Poeten som reisekompanjong

Det er få personar eg beundrar meir. Få personar lev og andar for vin slik som han gjer, der han fyller alle ledige stunder med meir kunnskap og nye smakar, og det er få som snakkar og formidlar slik som han gjer.

Attpåtil strålar han frå øyre til øyre. Kva er hemmelegheita?

Svein Lindin er ein heilt sentral ambassadør for vin i Noreg. Det er primært i Oslo han held til med kurs, smaking og det kreativiteten hans finn på, men han er heller ikkje kvien på å reise land og stand for å møte folk der dei er. Han gir ei oppleving til kursdeltakarane som dei seint vil gløyme, med sitt gode vesen, smittande humør og evne til å formidle kunnskapen om vin.

Mumm-2017-Photo-Svein-Lindin-9459-1024x683.jpg

Eg er heldig som får vere reisefølgje til Svein på tur, dele hans selskap og ikkje minst lære. Karen boblar over av kunnskap og glede for å lære vekk. Det er plass til fleire slike i miljøet.

Denne gongen er vi på ein snartur til Champagne, det vil seie fyrste fly til Paris onsdag og heim med siste flyet på torsdag. Vi har inga tid å miste. All hender til Mia som strålar og organiserar alt, for ei dame!

Reisa er ikkje lagt til tilfeldigheitene, snarare tvert i mot. Her er alle detaljane spikra, nesten ned til kvar toalettpause. Men, om vi skal nå alt vi ynskjer på så kort tid er det berre å henge i.

Området Champagne er truleg eitt av mine favorittområde. Vinbøndene har si evne til å skape magi med bobler gjennom deira ulike stilar, karakter og unike kvalitet er det få som kan måle seg med.

Du kan få eit innblikk i turen gjennom bilete og forklaring i veka som kjem.

Mumm-2017-Photo-Svein-Lindin-9502-1024x683.jpg

Om du er interessert i å lese meir om Champagne har eg meir informasjon til deg. Du skal også få lese meir om dei andre kjende musserande stilane no når du fyrst er i gang; Cava, Prosecco, Crémant og mat til.

Champagnebesøket står for tur, eg er snart tilbake!

Perrier-Jovet-2017-Photo-Svein-Lindin-9317-1024x683.jpg