Pinot Noir

Det vert sagt at den mest verdifulle vinmarka er Romanée-Conti i Côte d´Or.

Vinmarka er ein av seks Grand Cru vinmarkar i Vosne-Romanee i Cote de Nuits. Drua Pinot Noir trivast perfekt her! Produksjon av magiske vinar, og det er vel ikkje utan grunn at det blir produsert ein av verdas dyraste vinar akkurat her.

3306604829_bff66d8d0c_b.jpg

Pinot Noir har turleg hjarta sitt i Burgund, men også andre stader finner den seg til rette. Om ikkje vinen laga på Pinot Noir er frå Burgund vil mange påstå at den ikkje ”smakar” som den skal, men det er vel inga fasit! Drua er også kjent som Spätburgunder i Tyskland, Pinot Nero i Italia og Blauburgunder i Østerrike.

Typisk kan drua bringe fram aroma av bringbær, jordbær og kirsebær som ung, og etter nokre år kan den utvikle eit raffinert spekter av lukt som mange assosierar med fuktig skogsbotn, animalsk eller vissent lauv. Ei sann kompleks og delikat oppleving!

Inga klar oppskrift har ein for korleis ein skal gå fram med denne drua. Sanninga er vel at det er ei stor ueinigheit. Resultatet vil derfor vere ulikt. Drua finner seg til rette i Burgund, men også i Alsace, Tyskland (spesielt i Baden, Ahr og Pfalz), Østerrike, Champagne og samt hell mange stader i Den nye verda.

Forholda må ligge til rette. Klima skal verken vere for kaldt eller for varmt. Tidleg modning og sensitivitet til råte er eit kjenneteikn for drua. Den treng roleg modning i eit kjøleg klima. Det ironiske nok treng drua også bra med varme til modninga. Den nye verda gir fleire døme til dyrking av Pinot Noir der forholda byr på varme dagar og kjølege netter. Døme er California og New Zealand.

9902710665_c07d514520_k-1024x680.jpg

Ikkje nok med det, men drua er også kresen for både jordsmonn og behandling i kjellaren. I store delar av Côte d´Or er jordsmonn prega av kalk med næringsrik leire. Ein kan ikkje leggje skjul på at det gir resultat blant dei unike vinane.

Generelt gir vinen betydeleg mindre farge og tanninar. Vinar laga på Pinot Noir er svært matvennleg. Både til enkle og komplekse kjøt, fjærefe og fisk.