Perfekt raudvin

Perfekt raudvin

Kva for vinstil er din favoritt?

Raudvinane varierer på mange område. Både når det kjem til frukt, struktur og fylde. Mange har sine favorittar, men ofte endar ein også berre opp med å gå for den same trygge flaska.

Statistikken visar ei klar trend i Noreg der italiensk vin er ein soleklar favoritt. Ein kan spørja seg kvifor det er akkurat den italienske vinen som tilfredsstiller norske ganer. I tillegg er det viktig å merke seg at også variasjonen innan italiensk vin er stor.

Då det dameskoforma landet er svært langstrakt finn ein store variasjonar i klima, landskap og dyrkingsforhold. Dette påverkar vinen på ulike måtar og resulterer enkelt sagt til store skilnader mellom ulike italienske vinar. Er dette noko du har tenkt over?

Kva drue som vert nytta er det viktigaste for korleis ein oppfattar vinen. Basert på druetype kan ein difor seia mykje om kva mat vinen passar til. I veke 4 i nettkurset ”Det DU treng å vite om VIN” tek eg føre meg dei seks viktigaste druetypane, kva som skil dei frå kvarandre og kva for mat som passar til.

Attpåtil stiller kokken Anders med spanande oppskrifter som du vil ha.

Vi har i tillegg tatt omsyn til at påsken er like rundt hjørnet, noko som betyr lange dagar på ski i høgfjellssola med herremåltid på kvelden.

Lammet er ein sjølvsagt del av påsken, men kva for raudvin drikk ein til?

Bli med på kurs, lær deg meir og still med rett vin til rett mat i påsken og ved alle andre seinare anledningar!