Påskeklassikar

Truleg går vi aldri lei det saftige lammelåret. Lukta av krydder, kvitlauk og ovnsbakt lammelår som fyller rommet og gir den rette påskestemninga.

Over høgtida vil lam mest truleg stå på menyen ein eller fleire gonger, men kva skal ein drikke til?

Min optimale påske høyrer til i fjellet. Nøye utvalt vin og mat gir rom for gode smakar med rolege dagar ikledd utvaska ullkle. Å vakne til sola som skin inn glasruta, kaffen som nyleg vart trakta og ein kraftig frukost mens påskelaburinten surrar på radioen. Skia blir så smurt, ein lengre skitur omgitt av bratte fjell og sola ventar. På ettermiddagen vendar ein tilbake til hytta. Her kan ein la tida gå, surre rundt i stillongsen mens ein tilbereder maten og opnar ei flaske vin. Langbordet blir dekt med ulike koppar og kar. Tida er inne for eit betre måltid og noko godt i glaset.

Kva drikk ein til lam?

For min del høyrer vin til maten. Lam byr på mykje eigensmak, og gir derfor eit smakfullt måltid. Lammet fortener derfor ein vin i same sjanger. Lammelåret er sødmefullt, smaksrikt og relativt fett. Det sødmefulle preget gjer seg godt mot flott fruktsødme, fettet vil på sin måte også kreve ein god del fruktsødme og tannin som kan renske opp i munnen under måltidet. Krydder og smakrikt tilbehør gjer at vi går i retninga mot fyldige vinar med flott og moden frukt frå relativt varme vinområder. Nøkkelord for val av vin vil derfor vere god fruktkonsentrasjon, tanninstruktur og intensitet. Vi står ovanfor mange val.

Tradisjonelt kan ein gjerne kombinere maten med den stramme Nebbiolo- eller saftige Barbera-drua frå Piemonte. Andre meir saftige val vil vere ein reserva frå Rioja, eller ein vin frå eit varmare område laga på drua Syrah eller Merlot.

Årets fyrste måltid beståande av lam har gått av stabelen i heimen. Nye kombinasjonar skulle smakast. Eg tilberedte lammecarré som er ein svært enkel rett og lite tidkrevande. Steinkeovnen gjer den største delen, og i hovudsak kan vi glede oss over maten mens lukta fyller rommet. I korte trekk lot eg kjøtet nå 58 grader i omnen og etterfølgt av kvile på benken til det nådde 60 grader. Tilbehøret var enkelt beståande av potetstappe med selleri og rotgrønsaker og krafta frå kjøtet.

Smaksnotat:

Musar Jeune 2011

Aromatisk. Varm frukt med raude og mørke bær, blyantspiss, jordsmonn og urt på nase. Saftig mørke bær, krydder, eik. Flott struktur med god balanse mellom tannin og syre. Middels lengde.

Firriato Le Sabbie dell'Etna Rosso

Dominert av raude bær på nasen og stein. Flott struktur i munnen med godt integrerte tannin. Saftige aroma av jordbær, bringbær, stein og krydder. Flott vin, aromatisk og middels lengde.

Creative Commons
Creative Commons

Eg valde to saftige vinar, ein frå Sicilia i Italia og ein flott libanesiske vin. Firriato Le Sabbie dell`Etna Rosso var saftig og baud på raude bær. Vinen gjekk bra mot maten, men strukturen og dei mørkare aroma i Musar Jeune 2011 var betre til maten. Strukturen, fruktheita og kryddertonane gjekk som hand i hanske.

Du står ovanfor mange val for å oppnå ein god kombinasjon. Begge desse vinane er prisvennlige samtidig som dei gir eit flott innhald. Den soleklare sigeren gjekk denne gong til Musar Jeune!