Panna cotta med tindvedgelé

Tindved skulle bli den store oppdaginga i påsken, for min del. Dei oransje, små og næringsrike bæra vekka verkeleg mi interesse.

Sanninga er at det ser ut som pinnekjerne, men med ei lagt sterkare farge. Bæret inneheld garvestoff, organisk syre, eterisk olje, flavonglykosidet quercetin, provitamin A og vitaminene B kompleks, store mengder vitamin C og E. Samt mindre mengde med mineral som selen, sink, svovel og kopper. Pust. Ja, næringsinnhaldet er imponerande.

Faktisk vert tindved nytta i Kina som medisinsk og kosmetiske i meir enn 200 produkter.

I Noreg finner ein tindved viltvoksande, og hovudsakleg rundt Trondheimsfjorden og nord mot Tromsø.

Eg fekk nysset i det etter å ha lese ein artikkel i Sogn Avis. På forsøksgarden på Leikanger har dei dyrka fram tindved i nokre år. Og det var nok ein tilfeldig samtale med ein av damene som jobba der som verkeleg vekka mi interesse.

Tidlegare var Statens forsøksgard for fruktdyrking på Njøs i Leikanger, men Staten sitt engasjement i Njøs er i dag heilt avslutta. Idag er det Njøs Næringsutvikling, Graminor, Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane og Gartnerhallen som held til her.

I den anledning vil eg introdusera ein strålande kombinasjon med panna cotta med tindvedgelé, ei oppskift eg fekk låne av Marlén Stadheim:

Panna cotta:

3 plater gelatin

3 ss sukker

1 ss honning

3 dl fløyte

2 ½ dl H-mjølk

½ sitron finrevet skal

Skvis litt sitron saft i blandinga

1 vaniljestang med frøa

4-5 glas eller porsjonsformer

Ha sukkeret i ein kassereolle på middels varme til du får ein lys karamell, pass på at det ikkje brenner seg. Tilsett honning, fløyte og mjølk under stadig omrøyring. Karamellen og honninga vil etter kvart løyse seg heilt opp, men pass på at det ikkje kokar.

Legg plantene med gelatin i ei skål med kaldt vatn i vel 10 minutter.

Vask sitronen i vatn og tørk med kjøkenpapir. Riv sitronskalet (kun det gule) med eit zesterjern eller noko som gir plasslege bitar av skalet og ha det i føyteblandinga.

Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa, og ha det i blandinga. La det heile trekke på lav temperatur (utan å koke) i ca. 5 minutter (gjerne lengre). Smak gjerne til med litt sitronssaft.

Skvis vatnet ut av geleplatene og ha det i blandinga. Etter at du har oppnådd ei jamn blanding, fordelar du innhaldet i 4-5 glas eller ønska beholdarar.

La det stivne i kjølekspapet over natta. Du kan gjerne lage tindvedsausen dagen før, men vent med å ha i gelatinplatene til panna cottaen har stivna.

Tindvedgelé: 

250 g tindved

90 g sukker

Skvis sitron

2-3 plater gelatin (alt etter kor stiv du vil ha den)

Kok opp sukker, sitron og tindved til sukkeret har smelta. Sil blandinga slik at du får ein fin gelé/coulis utan stein og skal.

La panna cottane stå i kjøleskapet over natta. Dagen etter har du tindvedblandinga klar, legg så 2-3 plater gelatin i kaldt vatn i vel 10 minutter. Skvis så ut alt av vatnet, varm opp blandinga til du sit igjen med ei jamn fin gelé/coulis.

Hell tindvedgeléen over panna cottane, set glaset tilbake i kjøleskapet til geléen er stiv.

Pynt gjerne med eit par tindved og sitronmelisse på toppen.

Vipps! Desserten er klar.

IMG_9922-1024x768.jpg