På reisefot til Frankrike?

Tips til ferie i Provence - eit praktfult område å feriere.

Leig gjerne bil og la vegane føre deg gjennom dei mange småbyane. Det er nettopp desse byane som byr på dei kjekkaste mat- og drikkeopplevingane.

Kva tenkjer du om varme dagar med endelause mengder av rosévin? Om svaret ditt er ja, så er truleg Provence plassen for deg. Nesten 90% av den samla vinproduksjonen er rosé. Provence som ligg søraust for Frankrike har vore ei viktig del av økonomien og dei har vel 30 000 ha som produsera kvalitetsvin.

Det å feriere i Frankrike. Foto: Anniken England
Det å feriere i Frankrike. Foto: Anniken England

Ein kan gjerne stille spørsmål til kvifor området er dominert av rosé- og kvitvin framfor raudvin. Svaret vil ein hovudsakleg finne i kjøkenet. Matkulturen omfattar ferske råvarer og oliven. Ein har derfor ikkje hatt behovet for tanninrike viner, slik at den gamle tradisjon med lette og raskt drikkbare vinar har dominert her. Dette i kombinasjon med dei friske råvarene, er maten enkel og svært rik på aroma.

Under vårt opphald budde vi i Port Grimaud. Ein idyllisk kystby som ligg sentralt på den Franske Riviera. For dei som ønskjer å oppleve stilfulle St. Tropèz, er det 5 km aust og 8 km vest for St. Maxime. Port Grimaud er etter min meining det franske svaret på Venezia, noko som truleg skuldast at den er bygd opp på mange kanalar.

Langs dei mange tarmane var det fort eit stykke å gå og det var derfor svært kjekt å sykle. Sykkelen vart også til stor glede i det nattimane kom og ein ikkje trengte å tenke på bilen. Kvar morgo var det nybakt croissant og baguettar som stod på menyen. Med nokre gloser på innerlomma kunne vi begge le i det eg gjekk fornøydd ut av butikken. Vi kom ikkje over dei store gastronomiske opplevingane i Port Grimaud, men det var likevel eit større spekter av gode råvarer å velje mellom.

Denne ferien reiste vi stadig på utflukt. Provence er ikkje kjent for å ha dei største, eller dyktigaste vinprodusentar og eg såg derfor spenninga i å opne auga og la tilfeldigheita vise veg. I nokre tilfeller var vi svært heldige, mens i andre ikkje fult så heldige. Som ein anbefaling er det likevel ei glede å køyre seg vill, og finne skjulte perler. Naturen er frodig og dekorerer dei mange mindre byane med fabelaktige utskikspostar. Den største vinappellasjonen i området er Côtes de Provence, beståande av 20 500 hektar, og det var i denne appellasjonen vi surra mest i. Vinhusa kombinerte gjerne vinproduksjon med festlokale. Det var enkelt å forstå at arrangement som bryllaup er stort her.

Ein av dei mange kanalane i Port Grimaud. Foto: Anniken England
Ein av dei mange kanalane i Port Grimaud. Foto: Anniken England

Går vi nærmare inn på kvalitetsmessige appelasjonar, er det ingen som tvilar på at Bandol er mest interessant. Appelasjonen utmerkar seg for sin raudvin som utgjer 30% av AOC-ens produksjon. Vinen vil i hovudsak bestå av Mourvédre, Grenache, Cinsaut, Syrah og Carignan. Hovuddrua Mourvédre skal utgjere 50% til høgst 95% av raudvinsblandinga og som kan supplerast med dei andre druene. Det viser seg for at dei beste bandolvinane har ein høg andel av Mourvédre.

Fordelen med Mouvédre er at den trivst med dei mange soltimane, den modnar seint og har eit behov for mild haust, noko Middelhavet gir. Drua kjenneteiknast for å ha tørr tanninstruktur som treng tid for å mjukne. Ei lagring opp mot 18 månadar på barriques eller foudres er naudsynt. Unge vinar gir aroma prega av bær, mens vinar som har fått nokre år glir over i det animalske.

I området var det kvitvin laga på drua Rolle som imponerte. Opprinneleg er drua frå italiensk, du kjenner den kanskje betre under namnet Vermentino eller Favorita enn Rolle. Best vert den langs kysten i Nord-Italia, Sør-Frankrike, Korsika og Sardinia. Ein kan kjenneteinke drua for å vere svært aromatisk, frisk og med krydder- frukt og blomsteraroma. Personleg var eg mest begeistra over dei som hadde ei saltaktig smak.

Vakre omgivelsar og mange vinmarkar. Domaine Ott som er å finne i Noreg, smakte eg for fyrste gong sommaren 2014. Foto: Anniken England
Vakre omgivelsar og mange vinmarkar. Domaine Ott som er å finne i Noreg, smakte eg for fyrste gong sommaren 2014. Foto: Anniken England

Ser ein tilbake på turen er det mange minner. Den vakre naturen i innlandet av Provence er verdt å sjå. Der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu, dukka det opp nye, små og sjarmerande landsbyar. Eit besøk i byen Lorgues sat spor. I det vi kom køyrande frå Chateau Rasque ønska vi ein matbit. Blant det franske kjøkkena var det siesta midt på dagen, og vi gjekk derfor til den einaste restauranten som var open. Lite overraskande vart vi møtt av ein sjølvsikker italienar som meinte han hadde byens beste mozzarella. Som nordmenn flest smiler ein fint, men tenker gjerne at karen kunne ha roa seg eit par hakk ned. Italienaren klarte likevel å overbevise oss med både mozarella og tartar i kombinasjon med kvitvinen frå Chateau Thuerry – eit hus vi berre MÅTTE besøke dagen etter.

Svært kjekt å besøke vinmarka til Château Thuerry. Foto: Regine Sæther
Svært kjekt å besøke vinmarka til Château Thuerry. Foto: Regine Sæther

Det var inga tvil om at karen hadde rett, maten var himmelsk. Ferske råvarer som var perfekt tilberedt. Menyen var enkel, men ingen fare då innhaldet var så bra. Opplevingar som desse leitar ein etter.

Les gjere meir om Chateau Thuerry neste helg.