På reisefot over dammen

Sjølv med direktefly over dammen er det skremmande kor lang flyreisa faktisk er, når skal dei tilby treningsrom for den utolmodige og rastlause?

Når ein fyrst er framme er det inga grunn til å sette seg på ræva, men heller starte oppdaginga snarast.

Vi starta i San Francisco der det er utallege ting å gjere. For min del vart to dagar alt for lite, då det er mange fleire restaurantar og barar eg gjerne skulle prøvd ut. I tillegg til dei dei obligatoriske severdigheitane då, sjølvsagt.

Folka i San Fransisco er opne for nye, spanande ting, og saman med alle dei gode råvarene ein finn i byen, gjer dette San Fransisco til eit mekka for den som interesserer seg for nye smakar og matkombinasjonar. Her er det noko for alle ganer.

Byen er stor og ikkje spesielt enkel å orientere seg i, men det er likevel noko eige med det å surre seg vekk i dei mange gatene, og hoppe på ein meir eller mindre tilfeldig trikk og nyte det beste av dei ulike områda. Sjølv om tida var kort fekk eg både prata, drukke og smakt på litt av det byen har å by på.

IMG-7599-819x1024.jpg

Sjølv om tida var knapp fann eg nokre favorittar som eg gjerne vil dele med deg:

FullSizeRender_1-1-768x1024.jpg

YerbaBuena Gardens er ein frodig liten park der ein kan finne roen mellom dei høge bygningane. Best av alt finn du kafeen Samovar Tea Lounge i denne parken, ein kafé som utan tvil vart kåra til min favoritt. Reine, ekte og smakrike råvarer sette saman med spanande vriar. Og sjølvsagt, her MÅ ein drikke ein av dei mange teane dei serverer.  

Like ved finn ein vinbutikken Flat Iron som ikkje berre byr på europeiske skattar, men også eit mangfald av amerikanske vinar. Om du er heldig, er det også ein produsent som har ei smaking i lokalet som ein kan vere med på.

FullSizeRender_2-819x1024.jpg

Etter innhaldsrike smakar er inntekne og gode vinar er kjøpte, kan ein vere utradisjonell og køyre på med irish coffeé hjå The Buena Vista, som er både underhaldande, sterkt og godt.

FullSizeRender_3-768x1024.jpg

Elles er det ei rekke enkle restaurantar/gatekjøkken rundt om i heile byen. Med eit ope sinn og litt eventyrlyst kan ein enda opp med store matopplevingar for ei billig penge.

Dessverre fekk eg ikkje oppleve meir av San Francisco (noko som er i vente), men eg vil anbefale å gjere som oss, leig ein bil og kom deg avgarde til vinområda.

Napa og Sonoma Valley gjorde inntrykk og skal besøkast att. Snart!

FullSizeRender_4-768x1024.jpg

Les blant anna om Stag´s Leaf her.