På reisefot: Nice

På reisefot: Nice

Oui. Bonjour! Det er stort sett mine gloser på frank.

Burde eg lære meir fransk? Ja, sjølvsagt! 

Sjølv om franskmenn er arrogante av natur og vanskelege å komme innpå, spesielt om ein ikkje kan kommunisere på fransk, elskar eg likevel både dei og landet deira.

Eg er overlykkeleg av å kunne hoppe på eit fly, og nok ein gong besøke Frankrike. Berre i løpet av det siste halvåret har eg snike meg unna Noreg og besøkt Frankrike heile tre gonger, alle reisene til forskjellige delar av landet.

Dei som kjenner meg veit at Loire-dalen verkeleg fascinerer meg. Elva Loire, som strekker seg frå kysten og 1000 km inn i landet, bidreg til stor variasjon i landskap og klima, noko som gjenspeglast i eit rikt utval av mat og vin.

Denne veka skal eg sjå nærmare på Nice. Kystbyen er truleg den største turistbyen i Frankrike, og det kan verka som om alle har vore der.

Med sine 300 soldagar i året, omgitt av utrulege strender, flott landskap, gamle bygningar og god atmosfære, er det overraskande kor få tips folk likevel har å komme med, dersom du forsøker å innhente dei.

Mitt aller fyrste besøk til Nice var på Interrail for vel 10 år sidan. Vi var fire jenter som skulle erobre Europa og alt verdsdelen har å by på av turistdestinasjonar, festlegheiter og varme, til ein rimelegast mogeleg penge.

Kort oppsummert; check, check, CHECK!

Vi kom til Nice med nattoget frå underhaldande Paris. Eventyrlege Nice, som alle snakka så varmt om, stod ikkje til forventningane.

På nytt besøk no nyleg byrja eg å lure på kvar i Nice vi faktisk hamna den gongen på Interrail, og kva vi eigentleg gjorde på. Det er ei stund sidan og eg hugsar svært lite. Kanskje like greitt.

Tilbake i Nice denne gongen vart vi møtte med varme, yrande liv og mange moglegheiter. Då vi berre hadde to heile døgn å spele på, prøvde vi å nytta dagane der etter.

Ikkje berre kan ein nyte late dagar på stranda, men ein kan også gå opp på alle dei ulike toppane med unik utsikt over byen, shoppe eller ete og drikke seg igjennom gatene medan ein studerer menneska som passerer.

Vi fekk gjort litt av alt. Heldigvis.

Med nokre få tips på innerlomma var det likevel høgst nødvendig å høyre med dei lokale kva dei anbefalte. For det er inga tvil om at turistar som besøker Nice er mest opptekne av strand, dei mange (like) restaurantane og shoppinggata.

Eg kom over eit par ting du gjerne vil vite til neste gong du besøker Nice, spesielt på vin- og matfronten. Éin ting er sikkert, eg besøker kystbyen snart igjen, og gjerne også dei mange småbyane rundt.

På onsdag kan du lese meir om eit par strålande måltid, og på fredag kan du lese om vinbutikken du vil vite om neste gong du er i Nice.

 

Vil du ha meir?