På reisefot: Kalvåg

På reisefot: Kalvåg

Sist gong den var i bruk var på backpacking, då eg var fem veker på telttur i Afrika og ni veker i India, Nepal og Søraust-Asia.

Det er nokre år sidan no, så det var absolutt på tide å ta den i bruk igjen.  Sekken er raud og sliten, men god som gull! Sjølv om den ser ut som eit monster, rommar den, etter mi meining, lite, men nok. 

Då sommaren so langt har vore av den heller skrale sorten her nord, tenkte eg at ull, regnkle og favoritt-daffeklea måtte måtte bli med i sekken. 

Etter under fire timar nordover med båt frå kaien i Bergen, gjekk eg i land i Smørhamn. Ei veke i Kalvåg; ei feiring, sosialisering og masse fisking venta. 

Kvit i andletet og sjeleglad for å gå i land på fast grunn, var det godt å få seg ein liten matbit før vi skulle av garde å fiske. Karen som eig eigendommen vi skulle bu på lev og andar for fisking. 

Sjølv om eg hadde pakka med meg kle til full storm, kunne han stille med digge kjeledressar i alle storleikar, vestar og det ein treng på fiske. På besøk hjå han er aktiviteten bestemt, nemleg fisking. 

Bilde-22.07.2017-1024x1024.jpeg

Det var like før midtnatt, temperaturen rundt 14 grader, småregn og delvis skya. I følgje han var det inga tid å miste, og vi måtte sette eit par garn. Heile gjengen var like gira og klare for det enkle liv med køyrereglane som då som fylgjer med. Vi var klare for å nyte og lære frå dei som kan dette. 

Etter at garna var plasserte, vart det fisking med pilk og litt på stang. Det resulterte i at vi konkurrerte med å få den størst og mest fisk. Hopetal av både makrell og torsk vart dregne over ripa. Rimeleg sikker på at eg vann her, ja. 

Nokre timar seinare tilberedte vi markellen som den var, klar for pålegg dagen etter. Luksus? JA! 

Bilde-18.07.2017-2-705x1024.jpeg

Å starte dagen etter med sjølvfiska makrell på skiva og kaffien i handa i det ein skal sjekke fangsten var heilt unikt. For nokre er dette kvardagskost, men for majoriteten er dette av den heller sjeldne sorten. Og smaken på makrellen, olala! 

Pausar frå det som høyrer kvardagen til, er for meg gull. Veka på Kalvåg var fylt med fiske, ekstremt god mat og sjølvsagt vin til.  

Med ei ekstrem interesse for handel, prisar og sal, har fiskeopprett vore noko som har oppteke meg (ja, ei studietid på NHH formar ein). Truleg er nedgangen i olje skuld i det ekstra fokuset på oppdrettsnæringa, då vi i Noreg gjerne vil finne ein ny ressurs som kan gi oss like stor verdi slik at vi kan oppretthalde goda vi gir.

Store inntekskjelder har oftast nokre negative sider som ein bør vege opp mot det samfunnsmessige, i tillegg til også å ta omsyn til det etiske. Eit av mange sentrale spørsmål her er korleis fisken endrar seg og kor godt ”produktet” blir?

Vi fekk uansett gleda over å smake på fisk som lev fritt i eit sunt miljø. Det reflekterer kjøtet og smaken på fisken. 

Godt nøgd kunne eg returnere til Bergen etter ei veke med strålande ver, fiskelukke til den store gullmedaljen og kjekke matopplevingar på Knutholmen. 

I løpet av dei neste dagane kjem det fleire smakebitar frå Kalvåg. 

Kalvåg, du leverer igjen!

Bilde-20.07.2017-1024x768.jpeg