På reisefot: Fisking i Kalvåg

Kronglete, smale vegar, gjerne med litt for høg fart, er det eg fyrste kjem på når eg tenker på mitt fyrste besøk i Kalvåg.

Resten av minna er utvilsamt fiskerelaterte, då vi fekk enormt mykje fisk den gongen. Fisking vart aldri det same igjen. Å stå time inn og time ut i håp om eit napp vert ikkje same stasen etter å ha kunne drege opp fisk etter fisk i Kalvåg, knapt utan pause. Denne typen fisking, der ein meir eller mindre får fisk uansett, er så absolutt mi type fisking. Tolmod er kanskje ikkje min sterkaste eigenskap.

Difor var eg ikkje sein å be når ei invitasjon til Kalvåg tikka inn. 

Kalvåg, tettstaden på øya Frøya, er slett ingen stor plass. Desto meir imponerande er det difor å sjå endringane som har vorte gjort her sidan sist. Engasjerte enkeltpersonar på små stader skal ein ikkje undervurdere og ofte er det dei som er drivkrafta bak utvikling og framsteg på lokalt plan. Her har politikarane på Stortinget lite å stille opp med når det kjem til gjennomføringsevne.

Knutholmen er restauranten ein besøker for å ete mat. Sist eg var der var lokalet mørkt og røft, men likevel koseleg. Rundt oss hang det mengder med fiskeutstyr. Denne gongen var det ei heilt ny oppleving, då det var vorte lyst, triveleg, intimt og akkurat stilig nok. Restauranten var utvida og med store vindauge utover mot havet frå spisesalen fekk ein utnytta plasseringa i havgapet til det fulle. 

IMG-0942-1024x1024.jpg

Karen bak Knutholmen, Svein Inge Fosse, skal ha mykje av æra for utviklinga som har skjedd her. Det var også enormt kjekt å møte min tidlegare kollega på Tango, Martin Fosse Sveian, som er med på å ta stafettpinnen vidare. Han er i dag busett på Kalvåg med kona si, Martine Fosse Sveian. 

Vi prøvde ut Knuthomen eit par gonger. Fyrste gongen var det al carte. Eg elskar å kunne velje rettar, utan å ha for mange alternativ. Det betyr at personane bak har tenkt nøye på dei få rettane som er, og ikkje pøst på med mange for å tilfredstille alle og ein kvar. Vi er trass alt i fiskeriket av alle fiskeriker! 

IMG-0943-1024x1024.jpg

Alle rettane var flott danderte med gode samansetningar og smakar. Ja, eg er av den irriterande typen som gjerne vil ha ein bit av maten din for å få ta del i di smaksoppleving også, men sjølvsagt,- eg deler også av min eigen rett. Ikkje alle er einige i denne måten å ete på, noko som vart eit heftig, men lattermildt tema rundt bordet. 

Etter middagsbesøket stod sola framleis høgt på himmelen over havet. Det er vanskeleg å sette seg ned og ikkje ta med seg makrell som agn for å fiske litt i havgapet, akkompagnert med noko godt i glaset. Sjølvsagt gjorde vi heller det siste, og vart belønna med ein lysing på kroken. 

På vel 130 meter var det fleire lysingar som fant interessa for makrellen. For min del vart det ein kamp å få dei opp. Ikkje nok med at ein må snøre inn lenge (noko som er tyngre enn eg trudde), men så skal ein heller ikkje miste fisken i havoverflata. 

Elles gjaldt det å halde mat i krabbeteinene våre. Jøss, så moro det her var! 

IMG-0917-1024x1024.jpg

Med ei rekke større middagar er skaldyr og fisk ideelt å servere, spesielt med den mengda vi fekk tak i. Eg lagde til enkelt tilbehør med majones, salat og brød, resten av jobben gjorde sjømaten. 

Om du vil gjere som meg var det ein albarno på bag-in-box som vart drukke til. Denne friske saken passar ypparleg, og er ikkje for avansert for retten. 

Kalvåg er ein stad eg verkeleg vil anbefale om ein ynskjer ein pause frå kvardagen. På Knutholmen kan ein nyte gode mat- og vinopplevingar, og med plasseringa heilt ute i havgapet ligg forholda til rette for at ein sjølv også kan dra opp ein fisk eller tjue.

Om du ikkje er av den fiskeglade typen som står timevis på brygga i all slags ver, er det flotte turmoglegheiter og så kan også butikken Brødrene Larsen by på utallege delikatesser.

Kalvåg har verkeleg noko for ein kvar, så lenge sjømat fell i smak, sjølvsagt.

IMG-0940-1024x1024.jpg