Oz Clark

Lever du etter eit forbilde eller ein helt? Det gjer eg, og dette er ein av mine store forbilder!

Oz Clark den engelske vinguruen. Han er kjent for sin fenomenale og nøyaktige gane, jordnæreholdning og entusiastiske glede for livet og sjølvsagt vin. Allereie som student ved Oxford University var han engasjert ved sidan av studie.

Tidleg utpeika han seg ved smakskonkurransane innan vin. Desse ferdigheitane bidrog til vidare arbeid og karriere. Drøymen var vel å bli skodespelar og sangar, men det tok ikkje lang tid før han heller vart kjent som ”skodespelaren som hadde kunnskap om vin”. Tøff som han er, slutta han som skodespelar og i 1984 byrja han med fulltid som vinskribent.

Clark har ein fenomenal CV om du spør meg. Det er mange bøker, program og artiklar ein kan finne av Clark. I 2006 vant han den prestisjefulle konkurransen ”International Wine and Spirit Competition International Drinks Communicator of the Year Award”. Den klaraste stadfestinga for hans jobb er kanskje gitt av den franske regjeringa. I 2010 utnemnde dei han som ”Officier de l`Ordre du Mérite” for fransk jordbruken. Samt ei rekkje andre ting!

DSC_8050-1024x679.jpg

Ved ein helgetur til London våren 2014 vart eg blant anna anbefalt å besøke ”Vinopolis” i London. Eit lokale som dei har gjort om til ein vinkjellar med informasjon, mat og vinsmaking. Ettersom dagen vår hadde innehaldt shopping og mykje gåing var eg overlykkeleg for å endeleg vere i mitt ess, altså omgitt av vin. Eg fekk bokstavleg talt sjokk då Oz Clark stod rett framfor meg. Han var der i forbindelse med utgiving av si nye bok ”Bordeaux”. Det tok meg ein halvtime før eg tok motet til meg og gjekk bort til han. Som eit overlykkeleg barn på julekveden fekk eg ein klem, autograf, bilde og ikkje minst ein prat. Clark viste seg å bekrefte alt påstandane som eg har høyrt. No forblir han eit enda større forbilde. For ein mann! Det er ikkje rart vi blir inspirert til å lære meir om vin og nyte det gode liv med alt det har å by på!