Vin, MatAnniken England

Omnsbakte rotgrønsaker

Vin, MatAnniken England
Omnsbakte rotgrønsaker

Ein treng så absolutt ikkje vera ein helsefreak for å synast at bakte grønnsaker er snadder.

Omnsbakte rotgrønsaker gir retten ein fin sødme. I tillegg kan ein sprite opp retten med nøttesmør og ønska mengde sennep for å tilføre ei skarpheit. 

Variasjonen innan rotgrønsaker er stor både når det gjeld smak, form, storleik og farge. Ver kreativ, eller enkel som meg. Finn dine favorittar og skjær grønnsakene i høvelege bitar slik at dei alle verte ferdige samstundes.  

Eg sette saman den klassiske gulrota med søtpotet og pastinakken. Sistnemnte kan gjerne komme meir på bana. Den liknar ei gulrot i form, er kvit i fargen og er ypparleg både varm eller til råkost. 

Ingrediensar:  

  •       Gulrøter 
  •       Pastinakk  
  •       Søtpotet 
  •       Urter  
  •       Hasselnøtter 
  •       Smør 
  •       Sennep  
  •       Sjalottlauk  
  •       Kvitlauk 
  •       Parmesan  

Ei eldfast form gjer nytta. Vask gjerne ønska grønsaker, skrell og del opp. Lik storleik er hemmelegheita om grønsakene skal bli ferdige samtundes. Sett omnen på 200 grader la dei stå til grønsakene er så mjuke du vil ha dei. 

La råvarene by på seg. Eg smeltar difor smør, tilsett sjalott- og kvitløk saman med nøtter og smakar til med sennep for å halde tilbehøret meir smakfult.  

Dander alt på ein tallerken, hell over smørblandinga, og dryss over litt parmesan og ønska urter.  

Å setje vin til grønsaker vil variere alt etter om du serverer grønsakene rå, bakt eller stekt. Grunnregelen er at bitterstoff i mat og vin forsterkar kvarandre. Og i grønsaker finner vi ofte bitterstoff, spesielt i dei rå. Difor kan det vere ei utfordring å sette vin til.  

Generelt passar kvitvin betre enn raudvin til rettar der grønsaker får dominere fordi bitterstoffa vert forsterka med tanninane i raudvinen. Det kan gi ei ubehagleg oppleving.  

glaset kom eg over ein gunstig, god og saftig kvitvin frå Sør-Afrika. Ettersom retten er prega av sødmen frå dei bakte potetene, fedmen i smøret, nøtter og skarpheita frå sennepen, vil ein gjerne finne ein vin som har god frukt, integrert sødme, fin syre og gjerne med litt lagring på eik. Vinen eg har funnet fram er aromatisk på nasen med frisk og aromatisk smak i munn, samt eit krema midtparti. Prøv difor retten til Stellenrust Barrel Fermented Chenin Blanc Block 2015.