Omnsbakt lange

Halve gleda med å sette garn er spenninga knytt til kva ein får.

Som liten forstod eg aldri vitsen med å stå time etter time i håp om å få fisk, sjølv om ein ikkje fekk så mykje som eit lite napp. Om vi derimot fiska der ein fekk napp gong på gong, var eg overlykkeleg.

Etter helga i Florø fann eg igjen denne gleda med å fiske, kanskje mest fordi med drog opp fisk etter fisk. Noreg er heldige som har ein lang fiskefylt kyst, og med fekk nytta fangsten til å lage både nye og tradisjonelle rettar.

FullSizeRender-17-768x1024.jpg

Med litt inspirasjon frå Adam, fekk vi ein kjempegod hovudrett. Prøv gjerne retten med lyr, sei eller tosk.

Hovudrett til fire personar

Ingrediensar 

  • Ca. 800 g lange
  • Blomkål
  • 1 boks creme fraiche
  • 2 sjalottlauk
  • 1 glas med kapers
  • 4 stk. tomater
  • 1/2 bunt vårløk
  • 4 ss olivenolje
  • 1 ss smør
  • 2 liter vatn
  • salt og pepar
  • Poteter etter behov

Kok poteter

Set omnen på 200 grader og kok opp 2 liter vatn i ei panne

Del opp tomat og to sjalottlauk som du blandar saman i ei skål. Ha i kapers, utan olja den ligg, i og tilsett olivenolja. Om du ynskjer å ha kapers i mindre bitar gjer du det. Smak til med salt og pepar.

Ta vekk blad frå blomkålen og del den i mindre bukettar. Legg den i vatnet som du alt har kokt opp, men ikkje lat den koke for lenge.

Bak langa på 200 grader i ti minutt. Mendan langa vert bakt, lagar du blomkålpuré. Sil av vatnet, køyr blomkålen til ein grov puré med 1 ss smør og ein ½ boks creme fraiche, gjerne med ein stavmiksar. Smak til med salt og pepar.

Potetene silar du av like før fisken er ferdig, og vipps er heile måltidet klart.

Server gjerne ein saftig raudvin som ikkje tek for stor plass, men som kan harmonere med retten.

Eg gjekk direkte mot ein pinot noir, og denne gongen i Bourgogne; Jaffelin Bourgogne Pinot Noir 2014. Vinen har masse raude bær, krydder og er rett og slett veldig saftig.

FullSizeRender-18-768x1024.jpg